Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Serverte kjøtt i mørket til gjestane

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2018

I mange år var det «Eldremiddagen» som stod for servering av middag i Sanitetshuset på Kvennset. Den gongen byttes to kokkeleg på matlaging og servering annakvar veke. Etter kvar vart det vanskeleg å få kokkar til å ta på seg dette arbeidet og eldremiddagen var etter kvart lagt ned. Vi i omsorgsgruppa i Todalen sanitetsforening prøver på en måte å fylle noko av tomrommet etter eldremiddagen, og inviterer bygdefolket til middag eit par gong i året, seier Jorunn G. Ørsal som er leiar for omsorgsgruppa. – Men det er først og fremst for å skape litt trivsel at vi held på med dette, seier ho.

Leiar i omsorgsgruppa, Jorunn Ørsal , kunne ønske rundt 30 sambygdingar velkomne på middag i Sanitetshuset. Foto: Jon Olav Ørsal

På dagens middag var det rundt tretti til bords, og dei 4 kokkane serverte retten «Kjøtt i mørket», med potet, gulrot og stua erter til hovudrett, og eplekake med krem og kaffe til dessert.  På kjøkkenet hadde Jorunn med seg Karen Johanne Talgø som sjefskokk og i tillegg Åse Redalen og Synnøve Talgø som alle er aktive sanitetskvinner.

Skikkeleg langbord i Sanitetshuset – kjøtt i mørket stod på menyen denne dagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Godt og sosialt med middag i Sanitetshuset. Frå venstre Grete Torvik, Jenny Kvendset, Lisabet Storslett, Ingeborg Talgø, marit S. Søyset, marie Sanden og Sigrun Ørsal. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. april 2018, 16:22