Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Selebert besøk til randoneehelga

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. februar 2017

Helgas randoneecup på Kårvatn i Todalen får selebert besøk.  Nils Ove Bruset bekreftar no at Kilian Jornet Burgada kjem til helgas randoneecup på Kårvatn. Om Kilian Jornet Burgada kan det seiast at han kjem frå Spania, og er kåra til den fremste uthaldande idrettsutøvar i sin generasjon – ei kåring som New Yourk Times star attafor.

Han bur no i Måndalen, i lag med Emelie Forsberg, som er ein av dei beste utøverene på kvinnesida. Som ein kurositet står det at ho i 2013 vant det Norske mesterskapet som vi arrangerte i Strengenområdet. Kilian er seks gong verdsmeister i ultrafjelløp  også kalla Skyrace, og han har fem verdsmeisterskap i Randonee som senior og to Europa-mesterskap.
Han har også mange mesterskapstitlar som Junior, og vunne Pierra Menta, som nærast er Randonees svar på Holmenkollen, heile 3 gong. Emelie har ei sølvmedalje frå denne konkuransen, som har fire etapper og er til sammen 10 000 høgdemeter.

Nok om det – i helga kjem Kilian og Emilie til Todalen, og skal slappe av litt og lade opp til Randonee-VM. – Du skal ikkje sjå bort frå at det blir ny rekord til Tydalsnebba i helga, dersom denne karen får utfolde seg!

Kilian Jornet Burgada har fartsrekordar til alle verdas kontinent:

September 2010: Opp og ned Kilimanjaros (5895 moh.) Umbwe-rute på syv timer og 14 minutter.

September 2012: Traverserte 42 kilometer over Mont Blanc-massivets fjelltopper fra Courmayeur til Chamonix på 8 timer og 42 minutter.

Juli 2013: Opp og ned Mont Blanc fra Chamonix på 4 timer og 57 minutter.

August 2013: Opp og ned Matterhorn (4478 moh.) fra Breuil-Cervinia på to timer og 52 minutter.

Juni 2014: Opp og ned Denali (6168 moh.) på 11 timer og 48 minutter.

Desember 2014: Opp og ned Aconcagua (6960 moh.) fra nærmeste vei på 12 timer og 49 minutter (rekorden ble senere slått av Karl Egloff).

Publisert: 16. februar 2017, 06:00