Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seier og uavgjort for Todalen

Elinor Bolme Torsdag 14. juni 2018
Knut Bergli har sendt oss ei lita oppdatering etter kveldens seriespel i Nordmøre Championship som vart spela på Søyabanen. Første kamp spela Todalen mot Søya og denne vann dei heile 6-0. 2 mål av Ole Martin Øyen, 1 mål kvar av Jo Gjeldnes, Jan Petter Husby, Ola Talgø og Brage Hauglann Talgø.
 
Todalingane spela også ein kamp mot Halsa/Valsøyfjord som endte uavgjort. Todalens mål her vart skåra av Brage Hauglann Talgø på frispark to minutter før slutt.
Publisert: 14. juni 2018, 22:40