Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saueslepp i Gammelstua på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. mai 2017

Søndag 7. mai inviterte Oddvar Mikkelsen med familie til saueslepp i Gammelstua. Det var ikkje berre sauene som fekk sleppe ut av fjøset etter ein lang vinter, men også geitene. Mykje folk – både små og store –  hadde møtt opp, og det var både livleg og trivlege i tunet i Gammelstuå.

Geitene på tur ut – dei heldt seg til eigaren sin. Foto: Dordi J H

Denne dagen vart det sleppt ut 78 sauer og lam og 24 geiter – alle såg riktig så fornøgde ut med å kome ut på friskt vårbeite. Vi får håpe dei får varme og fine dagar framover. Dyra var folkekjære, og dei fekk både klapp og kjæling. Geitekjea var nok mest populære og dei tok gjerne i mot kos.

Kirsten Marie kosar med eit kje – båe to trivst! Foto: Dordi J H

Ungar og dyr trivst i lag. Foto: Dordi J H

Sauene og geitene skulle beite rett ovanfor garden no dei første dagane. Etter kvart blir dei flytta opp i ei kulturbeite nærare skogen før dei blir sleppte til fjells.

Sauene får gå fritt i fjellet ovanfor Nordvik frå Fossafjellet til Gråfjellet. For å vite kvar dei er, er det fem sauer som blir sende til fjells med bjøller som kan sporast digitalt. Det er kjekt så lenge teknikken verkar, i fjor var det problem med batteria, men leverandøren skal ha retta opp feila til denne sesongen.

Oddvar viser fram bjølleklaven som fungerer som gjetar. Foto: Dordi J H

Geitene skal etter kvart gå i terrenget rundt Nordviksetrene – dei blir gjerda inn – ikkje med utgard, men digitalt med eit system som heiter «No fence». «Det fungerer bra», seier Oddvar. Geitene har ein bjølleklave rundt halsen, og viss dei nærmar seg grensa for den digitale utgarden, får dei pipelyd, sterkare og meir intens lyd til nærare grensa dei kjem. Kjem dei til grensekanten,  får dei ein liten støyt – slik som i vanleg elektriskutgard. Skal tru kva litjgjetarane for 100 år sidan hadde tenkt, om dei hadde fått greie at ein kan gjete sauer og geiter med mobiltelefon!

Triveleg på saueslepp. Foto: Dordi J H

Oddvar fortalde at det var første gongen at han og familien inviterte til vårslepp. Det var riktig triveleg, så kanskje det kan bli ein tradisjon.

Kjekt med mange ekstra gjetarar når sauer og geiter skal ut. Alle vart strategiske plasserte og fekk kvar sitt område å passe på. Foto: Dordi J H

Matmor Kari i lag med sjefen i geiteflokken, bukken «Koste». Foto: Dordi J H

Publisert: 7. mai 2017, 15:40