Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Satsar på tak før snøen kjem

Jon Olav Ørsal Sundag 18. september 2016

Nye fjøs har vore eit vanleg syn i Todalen det siste året, og no kan vi avsløre enda eit nytt fjøs som er på gang. På Hjellnes, nærare bestemt i Oppistua er nytt sauefjøs på gang og dersom ikkje snøen kjem så alt for tidleg så satsar vi på at taket er på plass da, seier Per Åke Jacobsson. Da vi var innom var det iallfall fullt arbeid med å sette opp reisverk til det nye sauefjøset som blir på rundt 525 m2.

dsc_4827

Hans Petter Bakken med Nils Erik som «lærling». Foto. Jon Olav Ørsal

Det er satsa på matrial frå heimgarden og vi har valt ein mellomting mellom ny og gammal byggeskikk, fortel Per Åke Jacobsson som saman med kona Torill Gjeldnes satsar på sauehald. Det nye fjøset får  6″ lafteplank mellom stavane, og vanlege takstolar og ståltak.  Veggane skal blir vinterarbeid fortel Per Åke som legg til at materialane til veggane står på skogen enno, men det er plana at det skal bli skogsdrift og saging på gardssaga med det aller første.

materialval og bygge måte er litt idealisme, men det gjer også god muligheit for stor eigeninnsats nr ein bygger på denne måten. – Det er beregna at det skal bli plass til mellom 150 og 200 sauer i det nye fjøset, som no altså tek for ovafor gardstunet på Hjellnes.

dsc_4829

Lagar stavar på løpande band – lars Erik Olsen frå HP Bygg. Foto: Jon Olav Ørsal

dsc_4831

det nye fjøset tek form – grunnarbeidet er unnagjort og no startar arbeidet med reisverket. Foto: Jon Olav Ørsal

dsc_4833

No kjem reisverket på plass etter kvart. Foto: Jon Olav Ørsal

dsc_4839

Lars Ailo hadde besøk av søskenbarnet Ådne, og dreiv med leiketraktoren. Foto: Jon Olav Ørsal

dsc_4825

Det nye fjøset blir på rundt 525 m2 og det skal etter kvart huse 150-200 sauer. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 18. september 2016, 15:13