Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetskvinner med omsorg i nærmiljøet

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. oktober 2020

Fredag 2. oktober braut det ut ein dramatisk brann på garden Talgø i Todalen. Brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal rykte ut til brannen, og i tillegg stilte naboar og bygdefolk opp for å hjelpe til med sløkkinga. Det vart ei lang og hard arbeidsøkt, og folk vart både svoltne og tørste. Da vart omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening mobilisert. Og berre ein og ein halv time etter varsling stilte fire sanitetskvinner med oppsmurt mat og kaffi på gardstunet.

Måndag 12. oktober var det møte i Todalen sanitetshus for sanitetskvinnenes omsorgsberedskapsgruppe i Surnadal kommune. I leiargruppa er det to medlemmer frå kvar dei tre sanitetsforeiningane Torvik, Surnadal og Todalen og i tillegg var leiarane i foreiningane med på møtet.

Medlemmene i omsorgsberedskapsgruppa. Fremst frå venstre Elisabeth Mo og Jorunn Hals Ørsal. Bak frå venstre: Helga Krangnes, Annie Myrhaug, Kari Kvendset, Ingeborg Næss. Foto: Dordi J H

Første sak på møtet var evaluering av oppdraget under brannen. Jorunn Hals Ørsal og Kari Kvendset er ansvarlege for omsorgsberedskapen i Todalen sanitetsforening. Etter varsling om brannen til leiar Maren Ansnes vart det ringt rundt og fire medlemmer var straks klare til innsats; varslingsrutinene fungerte godt! Heldigvis har bygda nærbutikk, mat vart innkjøpt og i full fart vart det smurt brødskiver og koka ti kanner med kaffi i sanitetshuset. Oppe på Talgøgarden vart dei møtt av eit trist syn, Gammelstua hadde brunne ned. Men sløkkingsmannskapet, ca. 30 personar, sette stor pris på serveringa – dei trong mat etter ei hard økt! Maten gjekk unna, så det vart ein ny runde med forsyningar frå sanitetshuset. Da var nye medlemmer klare til innsats. 

Arndis Søyset, Synnøve Hole Talgø, Åse Johanne Redalen og Jorunn Hals Ørsal sørga for mat og kaffe til brannmannskapet under brannen 2. oktober. Foto: Ragnar Halle.

Godt med mat! Sanitetskvinnene serverer. Foto: Brynjar Ansnes Moe.

Både brannmannskap, brannsjef Tor Arne Moen og eigaren av garden, Anita Talgø, var svært takknemlege for serveringa og innsatsen til Sanitetskvinnene. Lokal beredskap er utruleg viktig! Viss oppdraget hadde vore meir omfattande og vart lenger, kunne dei fått hjelp og støtte frå dei andre foreiningane i kommunen.

Innsats ved skogbrann, ras og flaum

Omsorgsbereskapsgruppa i Todalen gjorde også ein stor innsats over mange dagar i august 2013 etter at det store raset i Stranda øydela vegen inn til Todalen, og mange år tidlegare var dei til god hjelp under sløkking av skogbrann. Men gruppa yter også omtanke og omsorg i kvardagen som å stelle til middag eller trimtur med lunsj for eldre, altså trivselstiltak.

For godt og vel eit år sidan var det storflaum i elva Surna, og husdyr på beite vart fanga i vassmassane; her vart det ein stor bergingsaksjon med mykje folk i aksjon. Mange dyr omkom, men heldigvis vart mange dyr også berga. Dette var ei hard påkjenning for husdyreigarane med familiar, dei var fortvilte. Da stilte omsorgsberedskapsgruppa i Surnadal opp med mat og omtanke som var til stor hjelp for dei som var ramma av flaumen.

Jorunn Hals Ørsal, til venstre, og Elisabeth Mo – ny leiar i omsorgsberedskapsgruppa. Foto: Dordi J H

Leiarane i dei te sanitesforeningane i Surnadal kommune. Frå venstre Britt May Hollås – Surnadal sanitetsforening, Randi Lysø – Torvik sanitetsforening og Maren Ansnes – Todalen sanitetsforening. Foto: Dordi J H

Jorun Hals Ørsal har vore leiar i omsorgsberedskapsgruppa i mange år, og ho har delteke på fleire kurs og fagsamlingar arrangert av NKS sentralt. Der har ho fått fagleg påfyll, og ikkje minst så har erfaringsdeling med andre omsorgsberedskapsgrupper vore nyttig. 

Elisabeth Mo frå Surnadal sanitetsforening er ny leiar for omsorgsberedskapsgruppa i kommunen, og ho fortel at det snart vil bli ei samling med fagleg påfyll for alle som er på varslingslistene for beredskap i lokalforeiningane. Omsorgsberedskapsgruppa har avtale med Surnadal kommune om å yte hjelp når det er behov ved til dømes leiteaksjonar, ulykker og kriser. Sanitetskvinnene er beredt til uttrykking når alarmen går i lag med naudtetatar og helsepersonell. Norske Kvinners Sanitetsforening starta som ein beredskapsorganisasjon i 1896. Formålet da var å vera beredt til å hjelpe om oppløysinga av unionen med Sverige skulle føre til krig!

Takk frå Anita Talgø

Anita Talgø er svært glad og takknemleg for hjelpa ho fekk da den dramatiske brannen ramma garden hennar. Som synleg takk for god hjelp spanderte ho kake på hjelparane frå sanitetsforeininga. Så på kveldens møte vart det triveleg kaffilag; og kaka var kjempegod og utruleg fint pynta!

Flott og velsmakande kake! Foto: Dordi J H

Jorunn serverer kake til Helga. Foto: Dordi J H

 

Først publisert: 12. oktober 2020, 23:43 - Sist oppdatert: 13. oktober 2020, 11:22