Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetsforeininga med forsiktig oppstart etter koronapause

Dordi Jorunn Halle Tysdag 25. august 2020

«På tide at vi fekk til medlemsmøte no. Det er godt å treffast og kome i gang igjen», slik ønskte  Maren Ansnes vel møtt til det første medlemsmøtet i Todalen sanitetsforening sidan 3. mars.

Medlemsmøtet vart arrangert etter reglar for smitevern og etter gode råd frå kommuneoverlegen. 17 medlemer var til stades.

Kjekt å treffast igjen. Foto: Dordi J H

Saker det vart orientert om:

Jorunn Hals Ørsal orineterte om ny organisering når det gjeld omsorgsberedskap i sanitetsforeiningane. Torvik, Todalen og Surnadal sanitetsforeiningar dannar no Surnadal omsorgsberedskapsgruppe som har avtale med kommunen. Leiargruppa har to medlemer frå kvar lokalforeining; Jorunn Hals Ørsal og Kari Kvendset sit i gruppa frå Todalen.

Dordi Jorunn orienterte om Kløvertur. Det er som vanleg Kløvertur kvar måndag; men med begrensa samkjøring i bil. Dessverre er Rusleturar med servering og skysstilbod sett på vent inntil vidare.

Liv Svanhild og Jorunn Gislaug var vertinner; dei serverte kjøle gode bakels med godt tilbehør. Foto: Dordi J H

Servering etter nye reglar; men maten samka like godt for det! Foto: Dordi J H.

Det er mange som saknar strikkekaffien og trivelege laurdagsettermiddagar i Sanitetshuset. På grunn av koronapandemien er det framleis ikkje tilrådeleg å arrangere det. Men Helen og Arndis er klare til å sette i gang så snart forholda ligg til rette for slike arrangement. Oppstart for aktiviteten leseven er også utsett.

Kvar haust er det tradisjon for at Sanitetsforeninga har basar; det er ei svært viktig inntektskjelde, og det bruker å vera fullt hus og god basarstemning i Sanitetshuset. Kan hende det blir «Vippsbasar» når det lir ut i oktober?

Neste medlemsmøte blir tysdag 15. september, og leiar Maren er optimist og har trua på at sanitetsforeninga etter kvart vil kome i gang med meir normal aktivitet. 

Kløvertur

Triveleg å gå tur i lag. Her er frå venstre: Dordi Jorunn, Jorunn Ø, Synnøve, Helen, Karen Johanne, Åse Johanne, Jorunn H. Bak kamera: Jon B.

Måndag 24. august var det Kløvetur frå Gammelfabrikken og rundt om Tjønnmyrane; ei fin turrute og kjekt med pause i gapahuken. Siste måndagen i august blir det tur frå Bruset og rundt om Hengebrua.

Kjekt å ta fram matpakke og termos og benke seg rundt bordet i gapahuken. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

Først publisert: 25. august 2020, 21:49 - Sist oppdatert: 26. august 2020, 08:16