Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sangstund for alle i Stangvik kyrkje

Elinor Bolme Onsdag 24. juni 2020
Fredag 26. juni kl 18 inviterer Stangvik sokneråd til songstund i Stangvik kyrkje.
Espen Selbæk syng og spelar. Diakonane Mari Kristine Brækken og Runa Svare frå  Nidaros domkyrkje deltek med song. Dei brukar song som ein sentral del av arbeidsdagen sin, og har fleire songstunder på aldersinstitusjonar kver veke.
 
Elles deltek sokneprest Kristin Strand og organist Oddveig Helset Halle. Og det viktigaste er ALLSONGEN som blir leia av organist Bjørn Vevang, og vi håpar på stort oppmøte no når det er letta mykje på Coronarestriksjonane.
 
Stangvik sokneråd bidreg med enkel servering etter songstunda. Det er gratis inngang, men anledning til å gi ei gåve til kyrkjemusikalsk arbeid undervegs.
Velkomne!
 
 
 
 
 
 
Først publisert: 24. juni 2020, 03:27 - Sist oppdatert: 23. juni 2020, 20:33