Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samlar stoff til jubileumsbok

Elinor Bolme Tysdag 24. april 2018

IL Søya skal feire 100-årsjubileum til neste år. I den anledning etterlyser dei no gamle bilder frå smått og stort som er verd å ta med i ei jubileumsbok. Her nemner dei på si heimeside både klubbhusbyggjing, ulike arrangement, aktivitetar på Vang, husmortrim og anna som synleggjer breidda i det no snart 100 år gamle idrettslaget.

Til å skrive jubileumsboka har styret i idrettslaget engasjert Svein og Yngvild Sæter og om du sitt på nokre skattar som dei kan ha interesse av kan du bidra på følgjannde måte:

1.) Finn fram bilder som du mener kan bidra i boken. Legg dei i ein konvoulutt saman med eit skriv som fortel KVEN SOM ER PÅ BILDET, NÅR BILDET VART TEKE, I KVA FOR ANLEDNING, KVARR og KVEN som er eigar av bildet. Lever konvolutten til Lars Inge Kvande, Sjøbakkan 6, 6640 Kvanne. Etter bildene er scannet m.m. vil du selvsagt få bildet/bildene tilbake

2.) Om du har aktuelle bilder elektronisk så kan du laste dei opp i nyhets”feeden” på facebooksida som er oppretta for prosjektet – klikk på denne linken HER så kjem du rett inn.

Først publisert: 24. april 2018, 07:50 - Sist oppdatert: 23. april 2018, 22:06