Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla heile bygda rundt frokostbordet

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mai 2018

Fotballgruppa i TIL er vant til store frokostselskap, så 140 personar rundt frokostbordet skremmer ikkje.  Etter at biltoget var unnagjort så var frokosten klar på asfaltplassen på Bordholmen.

På morgonkvisten da førebuingane starta var det berre 3 varmegrader og litt vindtrekk så arrangøren var litt spent på korleis dette utvikla utover morgonen. men etter kvart kom sola, og dermed vart det og litt betre temperatur etter kvar. Når biltoget var ferdig i 11-tida var det derfor fine forhold på Bordholmen, og folk hadde nok teke med litt ekstra varmt tøy på alle voner.

Og etter kvart gikk brødskiver og nystekte rundstykke ned på høgkant og fol såg ut til å kose seg i det fine vårvêret, og praten gjekk legg rundt om kring det mange borda som på det næraste var fullsett.

Sjå vårt bildegalleri frå friluftsfrokosten, og sjå om det er nokon du kjenner?  Alle foto: Driva/

Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 17. mai 2018, 13:58