Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saknar du eit garn i Todalsfjorden?

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. mai 2018

Tyske turistar har ved eit uhell fått eit garn på kroken i Todalsfjorden ved Nordvik.  Dei søker no etter eigarmannen og beklagar sterkt at dei kom i skade for å dra opp garnet.  Det er inga merking på garnet, men dersom det er nokon som kjenner det att, så er det berre å ta kontakt med Matkroken Todalen for å få att garnet, fortel handelsmann Nordvik til Todalen.no

Publisert: 9. mai 2018, 18:33