Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så vart det klatrepark på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Lørdag 16. september 2017

I dag arrangerte Todalen I.L. dugnad på Tjønnmyran igjen – denne gongen var det montering av utstyr i den nye klatreparken som ligg tett attmed gapahuken.  Klatreparken er laga av solid tau, som er montert saman med solide lås. Så no kan både store og små «klatremus» ta turen for å trene opp både motorikk og styrke.

Etter ei strevsam økt var det godt med mat og da vart storgrillen fyrt opp, og det vart laga grillmat til heile hopen, fortel Gunnar Nordvik som har vore primus motor for prosjektet.

Maria, Nicole, Natasha og Lisa har vagla seg oppunder taket. Foto: Line Kvendset

Monteringsarbeidet pågår – foto: Line Kvendset

Og tilslutt litt prøveklatring – snart er parken ferdig. Foto: Line Kvendset

 

 

Publisert: 16. september 2017, 19:48