Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så vart det asfalt, mesta i kappløp med vinteren…

Jon Olav Ørsal Onsdag 31. oktober 2018

Det såg mesta ut som asfaltlegginga i Brusetmelan og på Bordholmvegen skulle bli eit kappløp med vinteren, men det vart det egentlig ikkje.  NCC troppa opp med eit stort følgje og la ny asfalt – først på Brusetmelan og så på Bordholmvegen – og dei kom vinteren i forkjøp. Dei siste par dagane har det også vore asfaltlegging på Nordvik, der både dei nye busslommane og vegen forbi det nye bustadfeltet på Øygarden har fått ny asfalt som Veidekke har stått ansvarleg for.

Asfalten på plass i Brusetmelan også – onsdag pågjekk det utskifting av strøm/telefonpålar i området. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi fikk ikkje med bilder frå asfaltlegginga i Todalen, fordi ei «ivrig» trafikkvakt frå Securitas sørga for at vår fotograf ikkje fekk «innreisetillatelse» nedover Bordholmvegen for å ta bilder av asfaltlegginga. – Men vegen vart da vel like bra for det, sjølv om det kanskje var unødvendig å være så restriktiv!

Onsdag var NCC ferdig med oppdraget i Todalen, og var tilbake på FV 670 i Lykkjebygda, der det var i gang med å legge eit nytt slitedekke der kvaliteten vart underkjent på asfaltlegging før helga. No såg det ut til å bli bra!

Onsdag var Veidekke omtrent ferdig med å legge asfalt på vegen forbi bustadfeltet på Øygarden og busslommane der. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. oktober 2018, 16:04