Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så kom det ny brannbil åt bøgden…

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. april 2015

Den gamle Dodge’en så var frå 80-talet ein gong, fikk i dag avløysing av ein nyare bil som utstyrs- og uttrykningsbil for brannvernet i Todalen. Om den ikkje akkurat var heilt ny, så er den iallfall nyare.  Det er ein Toyota Hi-Ace som tidlegare har vore i tjeneste i kommunen som no er spesialinnreidd til å frakte med utstyr når det lokale brannvernet blir kalla ut i samband med brann, eller anna oppdrag.

Brannbiler_3173

Gammel og ny tid – Dodge’n går no ut av tjeneste og Toyota’n blir Todaling! Foto: Ivar Bolme

Ivar Bolme, som er ein av utrykningleiarane, er mesta ironisk når han fortel at bilen dei bytte inn er går rundt 19.000 km medan «nybilen» er gått 192.000 km.  Men til gjengjeld er Toyota’n atskillig nyare og ikkje minst har den vesentleg betre køyreeigenskapar. I dag er det nok standardutstyr med både servostyring og servoforsteka bremsar.  Det har tross alt vore ei positiv utvikling på alle desse åra.

DSC_6559

Utstyret er alt kome på plass i nybilen, som er innreidd etter eige ønske frå brannmannskapet, fortel Bolme. Alt utstyret får sin faste plass og raskt å finne att når det oppstår kristiske situasjonar og minutta står på spel. Uansett er det iallfall viktig at utstyret blir fornya og at ein opprettheld ein forsvarleg beredskap, for i ein brannsituasjon står alltid minutta på spel. Det lokale brannvernet kan være på plass i løpet av nokre minutt, medan ein kanskje må vente 40-50 minutt på eventuell støtte frå Surnadal.  Dette gjeld både brannutrykningar og utrykning med hjartestartaren, som også brannlaget i Todalen er ansvarleg for. Todalen brannlag har i dag 6 stillingar – den sjette er for tida vakant, men stillinga blir lyst ut etter kvart.

No ligg gammelbrannbilen til salgs på FINN.NO

DSC_6563

Det er viktig at vi får fornydd utstyret etter kvart, seier utrykningsliar Ivar Bolme i det lokale brannvernet i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_6568

Her er det lettvint å finne brannslangane som det alltid hastar mest med. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_6565

Det meste av utstyret er alt kome på plass i nybilen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 8. april 2015, 17:35 - Sist oppdatert: 15. april 2015, 15:03