Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søndagsope på Hageland

Søndagsope på Hageland

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2013

Hageland har vore veldig bra besøkt dei tre første dagane, fortel Ingeborg Langan Børset, som er butikksjef.  Ho reknar også med at det blir bra tilstrømming på søndag, når butikken er open frå 12 til 17 på ettermiddagen. 

Hageland har fått skikkeleg respons frå publikum.  Foto: Jon Olav Ørsal

Vi var veldig spente på responsen frå publikum før vi opna, men mottakinga har vore storarta, seier ho og fortel at dei har fått mykje skryt for nybutikken og alle dei flotte utstillingane. Snart blir sortimentet utvida med sommarblomster, planter og busker og det er nok ein travel sesong som står for døra.

Publisert: 20. april 2013, 18:00