Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søndag er det morsdag

Søndag er det morsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. februar 2012

Andre søndag i februar er det tradisjon med å feire morsdag. Da er det nok mange som er ekstra tidleg oppe for å heidre mor med kaffe på senga, og kanskje nystekte bakels eller kanskje til og med morsdagskake attåt. Det er no snart hundre år sia denne tradisjonen så smått starta i Noreg. På Wikipedia står det at den første norske morsdagen vart feira i Bergen 9. februar 1919, og vart til å begynne med arrangert av religiøse organisasjonar. Dagen har seinare gått over til å bli ein familiedag, der mor gjerne blir oppvarta med kaffi på senga om morgonen, blomster og kake.

Morsdagen har etter kvart vorte ei stor kommersiell høgtid gjennom marknadsføring av morsdagskake, morsdagsblomstrar og morsdagsgåver. Mange barnehagar og skolar hjelper til med å oppretthalde tradisjonen om feiringa av mor, og set barna til å laga kort og gåver. I Nord-Amerika har feiring av morsdag tradisjonar heilt attende til 1850-talet, og det kan du lese meir om på Wikipedia.

Publisert: 9. februar 2012, 23:38