Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rusmøte- det angår også deg…

Rusmøte- det angår også deg…

Elinor Bolme Tysdag 27. mars 2012

Onsdag 28. mars inviterer FAU ved Todalen Oppvekstsenter saman med Todalen Sanitetsforening til informasjonsmøte om ungdom og rus. Saniteten har hatt i fleire år hatt ønske om å informera om dette til «nye» foreldre og besteforeldre sidan det no er såpass mange år sidan det var arrangert eit tilsvarande møte  sist. Dei tok difor kontakt med FAU for å høyra om dei kunne vera interesserte i eit samarbeid.

Denne kvelden kjem Olav Halse frå lensmannskontoret i Surnadal og Rindal orienterer om situasjonen i distriktet vårt når det gjeld ungdom og rus.

I tillegg kjem Torill Sunnmørsvik og Ingunn Talgø frå Landsforbundet Mot Stoffmisbruk avd Sunndal og omegn. Dei vil presentere foreninga si og fortelje om rollen som pårørande til rusmisbrukarar, generelt om rusmisbruk hos ungdom, kva teikn skal ein sjå etter, korleis ein kan få hjelp og så vidare.

Her kan du lesa heile invitasjonen til informasjonsmøtet.

Saniteten og FAU håper så mange som muleg, både fra Todalen og omegn tek turen til Todalen skule denne kvelden for å få litt fagleg påfyll og nyttig informasjon rundt eit viktigt tema!
Ungdomane med føresatte frå og med 7. klasse til og med 1. på videregående har fått eigne invitasjoner i følge FAU.

Først publisert: 27. mars 2012, 07:00 - Sist oppdatert: 26. mars 2012, 21:58