Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ruskver og regn, men tur blir det likevel!

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. februar 2019

Sjølv om det var ruskver og regn stilte heile sytten trimglade «jenter» til trimtur måndag 25. februar, og det var både  godt, friskt og triveleg å vere ute på Kløvertur!

Turruta denne gongen gjekk frå Bakkan i Halagrenda, innover Ramsøydalane, Halanesset og Stormyrhaugen til Hengebrua. Her tok dei fleste turen over brua og gjekk utover langs elva om gapahuken nede på Brusetnesset og kryssa elva på nytt over Fillipbrua. Dette blir ein tur på godt og vel 5 kilometer, slett ikkje verst!

Gapahuken nede på Brusetnesset. Her er Arndis, Gjertrud, Kari, Åse, Helga, Helen, Marie, Jorunn. Foto: Jorunn Ø.

Kjekt å ha ein god Kaffekrok i bygda! Foto: Dordi J H

Etter turen tok mange ein tur innom Hals for kaffe, prat og handel.

Neste måndag, 4. mars, er det innetrim i Sanitetshuset i staden for tur. Her vil fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset ha opplegg for trimmen. Ho vil ta trimmarane med på øvingar frå «trimmøtet» vi hadde i august og kanskje vise nye øvingar. Dette er eit viktig supplement til Rusleturane og Kløverturane. Det blir enkel servering etter trimmen. Her er alle velkomne!

Over Fillipbrua. Foto: Jorunn H

Klare for tur. Frå venstre: Marie, Jorunn, Gjertrud, Eli (mestå skjult), Arndis, Helen, Kari, Jorunn, Ester Karin, Synnøve, Marit, Sigrun, Dordi. Foto: Dordi J H

Ruskut ver gjer ingen ting! Marit, Berit og Sigrun. Foto: Dordi J H

Fin turveg. Her ved Ramsøya. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 25. februar 2019, 18:45