Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Runda av vårsesongen med tur til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. juni 2017

Stavganggruppa avslutta torsdag vårsengen med ein finvêrstur til Nauståfossen.  Rundt 35 deltakarar mønstra på Kårvatn for å ta del i turen på eit par kilometer innover til Nauståfossen som såg flott og mektig ut i dag.

Turen starta utmed butikken til Kårvatn Fjellutstyr, og gikk etter turistlina innover vegen og via Myrvang opp til Nauståfossen og tilbake igjen. Etterpå var det samling til ein skikkeleg lang og god kaffepause ved Kokkhuset som er firmahytta til Talgø.

Som sagt er dette den siste stavgangturen før ferien, og vi takker for følget så langt. Vi reknar med at det blir skikkeleg kunngjort når stavgangturane startar på igjen til hausten.

Bildegalleri frå turen til Nauståfossen – Alle bilde Sigrun Ørsal

Publisert: 22. juni 2017, 17:47