Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Runda av prosjektveka med japansk teseremoni

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. november 2015

Det var nok billedkunstnaren Karin Augusta Nogva som var mest i fokus på eventsdagen til prosjektveka «Fire in the hole» i Austigarden. Ho tok publikum med på ein artig og flott Japanskinpirert teseremoni saman med Møremusikaren Jo Inge Nes som trakterte trommer og fløyte med sjølvkomponert musikk som passa godt sammen.  Musikken vart til etter kvart som han spela og var inspirert av nysnøen i todalsliene….

Etter ei heil veke med eksperimentering og prøving så slo dei i dag sluttstrek for prosjektet, der dei har trossa både regn, snø og kulde med si prøving og feiling med forskjellige brenneteknikkar og prosessar.  – Eit velukka prosjekt vi har lært mykje av og som har gjeve oss mykje inspirasjon og ny lærdom i arbeidet vårt, fortalte deltakarane som kjem frå heile Midt-Noreg. Dei siste produkta kom ut frå Rakuomnen under arrangementet på laurdag.

DSC_4645

Karin Augusta Nogva serverte te av blåbærlyng i heimlaga tekoppar. Foto: Jon Olav Ørsal

Avslutninga på det heile vart både stilfull og annleis enn vi er vant til, og arrangementet trekte mange interesserte tilskodarar. Karin Augusta Nogva driv til dagleg som fulltidsbilldekunstnar, og kjem frå Skuløy men bor i dag i Ålesund. For henne var det ekstra spennande, for det var første gong ho opptredde med japansk teseremoni utandørs. Men det gikk godt, og det går ikkje an å seie anna enn at det også var ei original teblanding – laga av blåbærlyng. Men publikum sette pris på tesmakinga og tykte og var begeistra for at dei fekk være med på smakinga der dei vart instruerte om å ta 3 supar og slurpe til slutt for å få ein spiss på smaken.

Totalt har det vore meir enn 500 som har vore innom utstillingane og «prouksjonsstaden» i Austigarden i løpe av denne veka, fortalte Toril Redalen som har vore vertskap for prosejektet saman med kunstnarkollega Siri Skjerve som også kjem frå Todalen. Ho understreka at ho var glad for at ho har snille foreldre som med si gjestfriheit har flytta på kåret denne veka og stillt heile huset til disposisjon for kunstnarane. «Eg og søstrene mine har vore heldig med foreldra, som altid stiller opp for oss», gliste ho, og håpa at faren også stillte opp med traktoren når dei skal rydde opp etter seg.

Prosjektet «Fire in the hole» har vore ein del av Norske kunsthandverkarar si feiring av 40-årsjubileet og er lagt til rette og støtta økonomisk av Møre og Romsdal kunstsenter i Molde, og det har vore kombinert med ustillingar både i kulturhuset i Surnadal og i kunstsentret i Molde.

Nedafor har vi laga eit lite bildegalleri frå laurdagens aktivitetar i Austigarden.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. november 2015, 17:41