Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Rikets tilstand» – Innspurt på scenekanten….

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. desember 2015

Det vart stor aktivitet og ein travel gjen vi trefte i Ungdomshuset i ettermiddag. Øvingane til julerevyen «Rikets tilstand», som går 3. juledag, er komen i sluttfasen, og det er stort sett finpuss som står att no. Vi tjuvkika litt på scenekanten medan øvingane pågikk, og det lover bra. Vi kan garantere mykje lun humor og artige innslag frå scena. Billettsalet ser også bra ut, men det er enno ledige billettar å få kjøpt på Matkroken Todalen.

Scenekanten_alle_5505

Sceneaktørane – framfor frå venstre Lars Sæther, Ola Bolme, Jens Olav Moe og Nils Ove Bruset. Attafor: Emma Sæther, Laila Kvendset, Anders gjeldnes og Torill Talgø. Foto. Jon Olav Ørsal

Elles blir det og billettsal ved inngangen til begge forestillingane. Den første forestillinga startar 3. juløedag kl 15.00, medan hovudforestillinga startar kl 20. På siste forestillinga er sal av god mat og drikke, og etterpå blir det dans til Jo Sverre Sande.  Det er fotballgruppa i Todalen idrettslag som er arrangør av årets julerevy – «Rikets tilstand».

Todalen idrettslag minner også om romjulsmarsjen som også går 3. juledag – her er det start mellom kl 12 og 15. Romjulsmarsjen går rundt bygda, med registrering og servering av gløgg på Sandstad og Bruset – her bys det på deltakarmedalje til alle som deltek, samt quiz og lotteri. Yr.no lovar godt vêr og fint føre, så her er det berre å hive seg rundt!

Mariya Todalshaug er lysmester, og sørga for lyssettinga frå galleriet. Foto: Jon Olav Ørsal

KnutB_CarstenB_5512

Mat skal det bli – Knut bergli og carsten Bohle har full kontroll på grytene. Foto: Jon Olav Ørsal

SteffiBohle_5516

Ein lang dag med øving krev påfyll med energi – Steffi Bohle sørga for Pizza til scenemannskapet. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 26. desember 2015, 19:07