Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Restaureringa av kyrkja snart ferdig

Jon Olav Ørsal Fredag 23. juni 2017

Firmaet Tradisjonsbygg frå Sunndalsøra som har jobba med restaurering av murane på kyrkja er snart ferdige med arbeidet. Det er murane under koret og sakristiet som er renovert i denne omgangen. Denne delen av kyrkja er jekka opp, før dei gamle murane er fjerna og nytt fundament og nye murar er no snart på plass, fortel Ole Petter Løvsletten frå Tradisjonsbygg.

Koret og sakristiet er jekka opp og dei gamle murane er plukka vekk. Slik såg det ut for ei veke sia. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er tidkrevjande arbeid når ein skal jekke opp gamle hus, uten å skade dei gamle bygningane. Men no blir iallfall dette ordentleg gjort, og det er reparasjonar som vil vare lenge. Det nye fundamentet er isolert, slik at telen ikkje får tak til å gjera nokon skade.  Det som står att no er å få på plass steinmuren og så skal muren pusses utvendig.  Deretter er det berre opprydding til slutt.

Per Håkon Melkild er snart ferdig med muren på framsida. Foto: Jon Olav Ørsal

Til murararbeidet er det bruka oppatt steinen som var i dei gamle murane, men i tillegg er det bruka stein frå det nye hyttefeltet på Kårvatn, fortel Løvsletten.

Rododendron som står like ved sakristiet står no i full flor – litt av eit syn. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. juni 2017, 09:12