Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reknar med mange campinggjestar i sommar

Jon Olav Ørsal Fredag 12. juni 2020

 Todalen Camping er klare til å ta i mot dei første sommargjestane på den improviserte campingplassen på Bordholmen. Tilbodet er eit samarbeid mellom Todalen Idrettslag og Todalen elveeigarlag.  Plassen er først og frmst etablert med tanke på eit tilbod til laksefiskarane i Toåa, men den er også open for andre som vil ha ein plass å sette campingvogna, bubilen eller teltet i sommar, fortel Laila Kvendset som er ansvarleg for den daglege drifta.

FHIs plakatar er på plass – viktig å unngå smitte. Foto: Jon Olav Ørsal

Ho presiserer at alle er velkomne til Todalen Camping og samtidig fortel ho at gjestane her må ta kontakt med ho på telefon 930 83 455 og at den som vil bu på plassen må følgje dei relane som til ei kvar tid gjeld med tanke på faren for smittespreiing. Det er hengt opp plakatar med info og Laila fortel at dei har fått intruksar som skal følgast med tanke på reinhald og hantering av faren for mittespreiing.  Det er forresten laga nytt dusjromtil drifta av campinplassen – her er det montert splitter nytt dusjkabinett som no blir teke i bruk. 

Laila K. Bergli fortel at det alt no er mange som har teke kontakt med tanke på campingopphald i Todalen, og reknar med at mange fleire enn vanleg vil ha norgesferie i år på grunn av restriksjonane på utanlandsreiser. Det vil nok gjeld både valege turistar og laksefiskarar som vil kome til Todalen for å feriere i år. 

Campingplassen på Bordholmen. Foto: Jon Olav Ørsal

Ingen tvil om kven som er sjefen på Todalen Camping. Foto: Jon Olav Ørsal

Priser – Prices Todalen Camping:

Norsk:
Campingvogn/bil: 150 kr pr døgn
Campingvogn/bil: 700 kr pr uke
Telt: 100 kr pr døgn
Telt: 500 kr pr uke
Strøm: 50 kr pr døgn/100 kr pr uke
Betaling på Vipps #523022 Todalen Camping
eller på Matkroken Todalen

 
English:
Caravan/camper: 150 kr per day
Caravan/camper: 700 kr per week
Tent: 100 kr per day
Tent: 500 kr per week
Electricity: 50 kr per day/100 kr pr week
Payment to Vipps #523022
or at Matkroken Todalen

Kontaktperson: Laila Kvendset Bergli telefon 930 83 455

 

Publisert: 12. juni 2020, 19:11