Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Redningsaksjon på morgenkvisten

Elinor Bolme Fredag 29. juli 2016

I dag tidleg var det redningsaksjon av kommunalt materiell på Kalkstranda i Surnadal. Ei kraftig uvêrsbyge over Surnadal i går kveld gjorde at stupetårnet som til vanleg er forankra ved Kalkstranda sleit seg. Dermed vart det eit litt anna redningsoppdrag som venta beredskapsvakta og medhjelparane i dag tidleg når dei måtte få tak i flytebryggja og taue ho på plassen sin igjen.

Michal Heimlund som er driftsleiar for vatn og avløp i kommunen har send oss nokre bilder frå tauinga.

Oppdrag utført Beredskapsleder Olav Rønning

Oppdrag utført før dei første badegjestane ankom stranda. Her med beredskapsleder Olav Rønning.

Stupetårn sikra på land. Vegard Mongstad stilte umiddelbart i går kveld med båt og god hjelp når beredskspsvakta tok kontakt for hjelp.

Publisert: 29. juli 2016, 10:27