Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raus 2015 på Herr Nilsen Bar

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. november 2015

Raus 2015 er eit prosjekt i kjølvatnet etter låtskrivarseminaret på Todalshytta i månadsskiftet mai/juni. Dette vart runda av med felles konsert på Gammelfabrikken, der mellom 150 og 200 kom for å høre.  Med sterke kort som Asle Beck, Terje Nordgarden, Amund Maarud, Claudia Scott, Jeff Wasserman, Johanna Demker og Alf Bretteville vart dette ein stor suksess. Torsdag kveld var den same gjengen på scena med Raus-konsert på «Herr Nilsen Bar»  i Oslo. Kristen Bruset var der saman med eit 100-tals andre, og har sendt oss bilder frå happeningen.

IMG_2548

Eric Malling er primus motor for Rauskonsertene i Oslo og på Kongsvinger. Foto: Kristen Bruset

Det er Eric Malling, vert på Todalshytta, som har vore prismus motor for å jobbe vidare med Raus-prosjektet. Torsdag kveld var det altså konsert på «Herr Nielsen Bar» i Oslo og fredag kveld er det konsert på Kongsvinger. Kristen fortel at det var Eric Malling som øsnka publikum velkomen, og som orienterte om Rausprosjektet og om Todalshytta – og sette Todalen på verdskartet på ein humoristisk måte.

Konsertprogrammet var stort sett likt det som vart framført på gammelfabrikken – første del var samansett av låter der artistane hadde soloopptreden, medan andre del på same måte var opptreden i grupper og finale med alle sammen på scena. Det var fin atmosfære på Herr Nilsen Bar og ein fntastisk fin konsert, fortel Kristen Bruset på telefon frå hovudstaden.

Vi gler oss til Raus 2016 til sommaren!

Bildegalleri frå konserten på «Herr Nilsen Bar» i Oslo.   Alle bilder: Kristen Bruset

Publisert: 7. november 2015, 06:00