Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ras ved fyrløkta

Ras ved fyrløkta

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2013

I løpet av helga har det gått eit stein- og jordskred  ved bekken som kjem ned utafor fyrløkta i Todalsfjorden.  Stein og jord har tatt med seg ein del skog på vegene ned, og alt har hamna i fjøresteinane. Ein del av massane har vorte vaska til sjøs, men det ligg framleis mykje skog i beltet fra Fjøra og litt oppover.

Vi har ikkje informasjon om tidspunkt for raset, men det er nok det sterke regnvêret i helga som er årsak til raset som er ganske stort og strekkjer seg eit godt stykke oppover lia. Fyrlykta ligg 50-100 meter lenger innover i fjorden, og den er ikkje berørt av raset ser det ut til.

Publisert: 10. juni 2013, 21:53