Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rådyr med misdanna klover

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mars 2019

Tidlegare i vinter vart det funne eit dødt rådyr i området ved geilhaugen på Nordvik.  Dødsårsaka var ukjent, men dei som fann rådyret tykte det var unaturlege klover på dyret – både lange klover og biklover.  Nils Gjeldnes tok vare på alle 4 føttene  for å undersøke om kva som kunne være årsak til dette.

Det er ukjent kva som kan være årsak til dette, men når alle 4 føttene er slik så tyder det iallfall på at det er ein medfødt skavank. No lurer Nils på om det er nokon som har kjennskap/kunnskap om kva som kan være ¨årsak til dette?  Ta gjerne kontakt med Nils om dette dersom du veit meir om dette?

Unaturleg lange klover på Rådyret som vart funne ved Geilhaugen på Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Både klover og biklover er unaturleg lange! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. mars 2019, 13:54