Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

ProACT- eit nytt viktig verktøy i den heimebaserte tenesta i kommunen

Elinor Bolme Torsdag 16. april 2020

Heimetenesta i Surnadal kommune er budd på det meste. No med enda meire fagleg påfyll som så absolutt gagner pasientene deira, med eller utan korona i tankane. Det siste halve året har dei investert i kursing av to ansatte til å bli instruktørar i det som på fagspråket kallas ProACT. Dette er ein metodikk som ivaretek pasientane slik at det så tidleg som muleg blir oppdaga forverra tilstandar hos dei som bur heime.

Tiltak i rett rekkjefølge

Dette har dei naturleg vis også alltid gjort tidlegare, men da meir med fagleg skjønn, kan einingsleiar Annett Ranes ved heimetjenesta fortelje. -No har vi med ulike standardiserte observasjoner og fleire gode målingar muligheit til å fange opp sjukdom blant heimebuande pasientar tidlegare, fortel Heidrun Solstad som saman med kollega Monika Garte er sertifiserte instruktørar. -Vi får dermed betre kunnskap om den enkelte som gjer at vi kan iverksette tiltak i riktig rekkjefølgje. Vi kan også unngå unødvendige innleggelsar, og ved akuttsituasjoner kan vi utføre viktige målingar inntil ambulansen kjem.

Finansiert av gåver

Kommunen har investert i 10 utsyrssekkar som dagleg er med alle som er på vaktet rundt om i kommunen. Ein sekk kostar ca 5000 kroner, og innkjøpet er finansiert av ulike gåver som heimetenesta har motteke frå blant anna pårørande og ved minnegåver. -Derfor er det hyggelig at vi kan vise at pengegavene vi får gagnar både våre pasientar og ansatte, smiler Anett Ranes. Opplæringa av resten av dei nesten 60 ansatte er tatt via ordinært budsjett.

Alle dei nye sekkene er forsvarleg lagra hos heimetenesta sine lokaler i Omsorgsbustadane på Skei. Når dei da ikkje er ute saman med dei tilsette så klart. Fra venstre Heidrun Solstad og Monika Garte, som rakk å kurse alle sine kollegaer i proACT-metodikken før koronapandemien sette inn for fullt.

Sekken inneheld ulike måleutstyr for blant anna temperatur, blodtrykk, blodsukker, urin og oksygeninnhald i blodet. -Sidan vi bur litt langt i frå legevakta på helg, er dette med og gir oss meir konkrete observasjonar ved våre henvendelser til dei på helg, fortel Monika Garte. 

Pulsoksimeteret gir sjukepleiarane på vakt informasjon om oksygeninnholdet i blodet. Ei viktig måling til dømes ved mistanke om koronasmitte.

Ved vaktskiftet i 15 tida er sekkerekkja godt oppfylt igjen. Kari Evensen er ferdig med sin runde for dagen og har hengt opp sekken til kveldsvakta skal ut att.

Publisert: 16. april 2020, 17:37