Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Presentasjon av junior- og seniorane i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. november 2020

Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei seks junior- og seniorane i klubben sine prosjekt. 

Det har i 2020 vore 8 aspirantar, 5 juniorar og 1 senior i Start 4H. 

Nedanfor finn du ein liten presentasjon av kvart medlem og prosjektet deira, skrive av dei sjølv. Medlemmene fekk desse spørsmåla som dei skulle svare på: 

  •  Kva har du arbeidd med?
  • Kva var det mest morosame du opplevde medan du arbeidde med prosjektet?
  • Kva har du lært?
  • Kva er kjemt med å vera med i Start 4H?

Ylva Synnøve Gjeldnes

Ylva Synnøve på ridetur. Foto: Privat

Ylva Synnøve er junior og har hatt Hest som prosjekt

Hestene mine Jarpur & Fluga

Eg har arbeid med at hestene skal høre mere på meg. Og eg skal bli flinkere til å ri.

Det mest artige var når vi tok med hesten til Vågå i sommarferien, der tanta mi bor med hestene sine.

Eg har lært mere om hester å blitt bedre til å ri.

Det som er kjekt med 4H er at vi drar på turer og at vi får kakao å god mat på møtene.

Johan Ranes

Johan har hatt seg sjølv som oppgåve. Foto: Privat

Eg heiter Johan og er junior i Start 4H.

Oppgåva eg har i år er om meg sjølv. 

det mest morosame eg har lært med dette prosjektet er at eg i fjernt slekt med Joseph Robinette Biden🇺🇸 Ellers har eg så langt drukket ca 15 288 glas med mjølk! 

Start 4H er sosialt og har vore på mange artige turar. 

Ingebrigt K. Bergli

Ingebrigt K. Bergli. Foto: Arkiv

Ingebrigt er junior. Ingebrigt har hatt pizza som prosjekt i år. Han har laga ein fin PDF presentasjon som du kan lese i si heilheit her: Ingebrikt si 4H oppgåve

Van Adrian H. Ansnes

Van Adrian H. Ansnes. Foto: Privat

Eg heiter Van Adrian og mitt 4H-prosjekt er Keyboard.

Det eg tykte var mest morosamt med mitt 4H-prosjekt var å lære meg noter. Å kunne noter treng eg for å spele den musikken eg vil lære meg.

Det eg har lært meg medan eg helt på med 4H-prosjektet var å spele på keyboardet og å lære keyboardet sine mange funksjonar.

Det eg likar best med å vere med i 4H, er å vere saman med vener og å lære nye ting eg ikkje kunne frå før, eller visste noko om.

Maria K. Bergli

Maria er junior, og har hatt isbjørnbamsen Ivar Ivarsen  som prosjekt. Ho og Selma Skjerve Gjeldnes har hatt same prosjekt, og har lage ein fin felles PDF presentasjon. Presentasjonen deire kan du lese i si heilheit her: Maria og Selma sitt 4H prosjekt

Nora Kårvatn

Nora steller med ullgrisane. Foto: Privat

Nora er junior og har hatt Ullgris som prosjekt. 

Eg har stella og mata grisane. Og eg har også sørga for at dei har ein tørr plass å ligge.

Berre det å være saman med dei er artig. 

At grisar er smarte dyr. i tilleg handlar denne oppgåva mykje om bærekraft, sidan vi får mykje mat frå matkroken som eigentleg skulle ha vorte kasta. Dette er variert kost som grisane likar. favoritten deira er druer,blomkål og wienerbrød.

Det er kjekt at mange ungar møtast og at vi får prøvd mykje forsjellig. Og at vi har så flinke klubbrådgjevarar som er dyktig til å lære bort og finn på mykje artig.

Først publisert: 11. november 2020, 12:00 - Sist oppdatert: 10. november 2020, 18:16