Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for årsskrift nr 14 i rekkja…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. november 2015

Laurdag ettermiddag var det bokslepp i regi av Todalen historielag, som hadde  premiere for årsskrift nr 14 i ungdomshuset. Det er stor interesse for historielagets arbeid og eit femtilals interesserte deltok på boksleppet. Det var leiar John Moe som ønska velkomen, medan Dordi Jorunn Halle orienterte om arbeidet med innsamling av stoff og bilder, som danner grunnlaget for årsskrifta.

DordiJorunnHallle&JohnMoe_4355

Dordi Jorunn har vore redaktør for årsskriftet – John Moe er leiar i Todalen historielag. Foto: Jon Olav Ørsal

Lysbilde_4362

Det var stor interesse for lysbildevisninga som Ingri bruset og Ragnhild A. Moe hadde i ungdomshuset. Foto: Jon Olav Ørsal

Som vanleg er det stor breidde i stoffet som blir presentert i årsskriftet, som startar med minneord om Hans Kristiansen, som gikk bort tidlegare i år i ein alder av 102 år. Vidare finn vi eit innslag om Lisbet Halle som feira 100-årsdag i haust, sagbrukshistorie frå Nordmøre og Todalen, minner frå Brusetmarka og Markagapen stadion, bastubad i Todalen og på Nordvik og mykje meir – alt i hop er godt stoff og interessant lesning – og historier som det er viktig å ta vare på.

Ingri&Ragnhild_4359

Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe har samla inn og skanna bilder frå mange gamle albumar rundt bygda. Foto: Jon Olav Ørsal

Stor interesse var det også for lysbildevisninga, der både gamle og nyare bilder vart viast. Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe har samla mykje bilder til historielagt og har saumfare mange gamle albumar på jakt etter historiske godbitar til historielagts bildearkiv.  Eit utval av bilda vart vist under laurdagens bokslepp og det var heilt utruleg kor mykje opplysningar om bildeta dei kunne supplere frå publikum i salen. Ingri og Ragnhild etterlyste gamle bilder frå juletrefestane som vart arrangert i Ungdomshuset 2. juledag – har du bilder derfrå så set dei nok stor pris på om du tek kontakt.

Det er bra aktivitet i historielaget, og det blir det nok i komande år også. Leiar John Moe orienterte om sentrale aktivitetar for nestår, og alt 24. januar arrangerer historielag «Ettermiddagskaffe», der det hentar inn ein aktuell kåsør .  Vidare blir det temakveld 18. februar – da med gamal kraftverkshistorie og filmvisning med historiske opptak som er gjort.  I fortsettinga blir det årsmøte  den 5. april – her stor den gamle polsdansfilmen på programmet og filmoopptak frå Ansnessaga, medan siste post på vårprogrammet er kulturvandring på Hjellnes.

Årsskrift2015_omslag

Slik ser omslaget på årsskriftet ut i år – 84 sider med lokalhistorie finn du i heftet. Omslaget er laga av Rolf Nordvik.

Historielagets årsskrift kan du kjøpe på Matkroken i Todalen og hos Wenche Kvendset i Viastua.  Heftet kostar kr 200, og dersom du er medlem i historielagt er eit hefte inkludert i medlemskapet. Medlemar som ikkje henta sitt eksemplar i ungedomshuset får sitt eksemplar i postkassen ein av dei første dagane.

 

Publisert: 15. november 2015, 10:26