Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Politibesøk på skulen

Politibesøk på skulen

Britt Mossing Tysdag 16. november 2010

Tysdag fekk skulen besøk av politiet, og det er alltid stor stas når dei kjem. Dei kom for å dele ut refleksvestar til 1. klassingane og for å fortelje kor viktig det er at ein blir sett i trafikken. Politiet tykte det var bra at mange bruka refleksvest når dei gjekk eller sykla til skulen. Alle fekk bli med ut og sjå blålysa og høyre sirena på politibilen. Det var og mange som prøvesatt sjåførsetet. Handjarna vart testa av fleire, og dei satt godt på. Det var fleire som kunne tenkt seg å bli politi.

Takk til Britt Mossing for bilete og tekst!

Publisert: 16. november 2010, 22:55