Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Planlegging av hovedinnfallsport til Trollheimen

Elinor Bolme Laurdag 1. juni 2019

Verneorådet i Trollheimen inviterer til møte og befaring vedrørande Surnadal kommune sin bestemmelse om at Todalen skal være kommunens hovedinnfallsport til Trollheimen. Dette skal være ein plass som egnar seg til kortare turar/opphald, og som har god tilgang til parkering. Det er ønske om at desse plassane skal ha ein høg grad av tilretteleggjing både for sitteplassar og toalett, og om mogleg natursti/sti tilgjengeleg for bevegelseshemma, eldre og barnevogn/sykkel.

Formålet med befaringa og møtet i etterkant er å kartlegge og til slutt einast om eksakt kvar denne innfallsporten til Trollheimen i Todalen skal være. Ragnar Halle som sitt i verneområdets styre oppfordrar derfor bedrifter, lag og organisasjonar i Todalen til å bli med både på befaring og ikkje minst det åpne møtet i Ungdomshuset til kvelds. 

  • Befaringa startar på Gammelfabrikken 4. juni klokka 14.
  • Infomøtet er i Ungdomshuset samme kveld klokka 18-20.

Leiar i Verneområdestyret Hege Sæter Moen vil gjerne ha ei enkel påmelding på 913 39 538 innan 31. mai frå dei som vil ta turen.

Først publisert: 1. juni 2019, 14:00 - Sist oppdatert: 2. juni 2019, 22:49