Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Per gravar fikk «Den gyldne patron»!

Jon Olav Ørsal Sundag 1. februar 2015

Laurdag kveld var todalingane samla til den årlege og tradisjonsrike «Hjortfesta» i Todalen ungdomshus. Hjortfesta markerer at jaktsesongen er slutt og er ei slags sosial evalueringskveld i regi av Todalen idrettslag, der vertskapsrolla går på omgang mellom jaktlaga i bygda. I år var det jaktlaget på sørsida (Bruset/Øya/Ørsal/Halset) som hadde oppgåva som verstskap, og dei inviterte til varmrett – utsøkt viltgryte med råvarer av eigen fangst.

Hjortfesta_3248

Hjortfesta vart ein fin og sosial kveld og ein verdig slutt på jaktsesongen 2014. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Elles var det HjorteQuiz, – konkurranse og kamp mellom borda rundt storsalen, – med spørsmål basert både på jakt og andre relevante ting, og sjølvsagt litt premiering etterpå. Hovudattraksjonen under festa var sjølvsagt utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron» for 2014, og det vart Per E. Gjeldnes som vart gjenstand for den heideren.

Per E. Gjeldnes sette pris på heideren han vart til del.  Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Per E. Gjeldnes sette pris på heideren han vart til del. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det var sjølvsagt knytta stor spenning til utdelinga av «Den Gyldne Patron» og da festleiaren Ståle annonserte Per E. Gjeldnes som mottakar av prisen, kvitterte publikum med spontan applaus. På diplomen står det: «Ein takk frå bygdefolket for hjelpsomhet og godt utført arbeid i over 40 år.» Per er nordvikgarding, men har vore i Todalen med gravemaskin meir eller mindre samanhengande sia han starta i jobb i faren Eiriks entreprenørfirma som 16-åring. Etter at han kom heim frå militærtenesta gikk han inn i firmaet som da fikk namnet Grytskog Maskinstasjon, og frå 90-talet ein gong etablerte han sitt eige firma som heiter Per E. Gjeldnes Maskin.

Dei første åra vart dei eit par turar til Todalen – ein om våren og ein om hausten. Etter kvart vart det stadig fleire og lengre oppdrag, og i seinare tid har det nærast vore på heilårsbasis. På denne tida har han slitt ut mange gravemaskiner – frå den første Ferguson 35-traktoren med påmontert gravemaskin, til i dag som firmaet disponerer 3 store Volvo gravemaskiner på 15-18 tonn. Den siste kjøpt for eit års tid sia og er ei hjulmaskin som kosta eit par millionar. I tillegg disponeres både tippbil og dumper, og i dag er også sonen Arne komen med som tilsett i firmaet.

Per har bygd dei fleste skogsvegane i bygda, og kjenner nok til kvar ein septiktank som er gravd ned den siste mannsalderen. Per fortel er ikkje uvanleg at han har med nistepakken heimatt etter endt arbeidsdag – for det har vore mykje graut og bakels oppgjennom åra, smiler Per når han fortel om alle åra ved gravmaskinspakane. Per fortel at han har trivdes godt på jobb i Todalen, og sjølv om denne prisutdelinga nok kom stoms på, så gir han uttrykk for at han setter stor pris på denne markeringa.

jaktvise_kokker_3225

Når lauvet det gulnar og hjorten han kjem…… Frå venstre John Moe, Håvard Halset og Knut Halset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 1. februar 2015, 02:50