Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pensjonistar med tur til Hjellnessetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 10. september 2020

Torsdag 10. september arrangerte Surnadal pensjonistlag stavgangtur til Hjellnessetra i Todalen. Veret var berre så passeleg med nysnø i fjella, regn og vind. Men ein trimglad pensjonistgjeng let seg ikkje stoppe av litt dårleg ver.

Turfølget på setervollen. Foto: Wenche Ø K

Nils Gjeldnes var med som guide. Han hadde tent opp i omnen så det var lunt inne i setra, og det vart ei triveleg stund med kaffe og niste i seterskjelet. På heimveg kom heldigvis sola fram. For mange som var med på turen, var dette nye og spennande trakter.

Kaffipause. Foto: Wenche Ø K

Tusen takk til Nils!

Neste torsdag går turen til Glønavatnet på Nordmarka.

Takk til Wenche Kvendset for bilete og turreferat.

Minne frå eldre tider. Foto: Wenche Ø K

Publisert: 10. september 2020, 23:11