Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påsketradisjon: Gudsord i friluft…

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Friluftsgudsteneste på Haugligardane har vore tradisjon dei siste 16 åra. Ein gong har vi flytta gudstenesta til kyrkja på alle desse åra, fortel Bernt Bøe, som har vore organist heile denne perioden. Den gongen flytta vi innomhus på grunn av dårleg vêrmelding, men vêret vart betre enn meldt og vi kunne faktisk ha arrangert ute denne dagen og. – Den sikraste måten å få godvêr på er å arrangere friluftsgudsteneste i Todalen gliste han.

Bernt, som er organist, hadde faktisk sitt fulle hyra med å berge notane sine under dagens gudsteneste. Det var utruleg sterk vind i kasta under dagens gudsteneste, men temperaturen var god og utruleg jamnt med solgløtt, slik at det vart ikkje kaldt under friluftsgudstenesta som varte litt under ein time.  Arrangementet var eit samarbeid mellom Todalen sokneråd som var teknisk arrangør og Todale I.L.s trimgruppe som sørga for traktering etter gudstenesta. Trimgruppa hadde fyrt opp storgrillen og trakterte alle med nygrilla pølser og saft eller kaffe til. Det var eit populært tiltak som både sokneprest Bernt Venås, organist Bernt Bøe og ikkje minst eit 50-tals tilhørarar sett stor pris på.

Tema for årets preike var Maria Magdalena som det første vitne på Jesu oppstode og tiltrua til henne som eit så viktig vitne, for slik tiltru hadde vanlegvis ikkje kvinnene på den tida, fortalte sokneprest Bernt Venås. Han kom tett på kyrkjelyden under dagen friluftsgudsteneste på Haugligardane, som samla eit 50-tals deltakarar.

Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri frå dagens flotte friluftsgudsteneste på Haugligardane.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. mars 2016, 20:59