Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 4/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Torsdag 2. april 2015

Her kjem episode fire i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Etter ein tur rundt bygda har det ikkje kome opp nokre opplagte løysingar på biletemysteriet. Og kva skjer med Lundegaupa? Her er det berre å gjere seg klar for ny episode!

Ein ny dag i dei vikarierande redaksjonslokala. Det var akkurat som ho hadde sett eit bilete av ein kronhjort henge ein anna stad i bygda. Men kvar? Ho tasta vidare på reportasjen om gaupa som hadde blitt observert ved Lundebekken. Lunde. Hjortviså. Ungdomshuset! Det heng eit måleri på veggen der i samband med Den gylne patron, den gjeve heidersprisen som blir delt ut på Hjortfesten. Ein kjapp telefon til husstyrar Moe for å låne nøklar, og Bladfyk var ute av døra. Gaupa måtte vente, dessutan var det mest truleg ei katt med bustadsadresse Prærien.

del_4_lundegaupa

”Nei, står du her?” (dette betyr oversett: God dag! Deg har eg ikkje sett på fleire månader. Kjekt og sjå deg, korleis går det?” ”Ja, du e hæm ja?” (”takk, det same!”) Ved postkassane sto todalen.no sin vinnar av årets bilete 2011, 2012 og 2014. Bladfyk stoppa opp, og dei hadde den vanlege praten om brødbaking og om Hønhasjen kom til å gå tidleg i år. ”Men, kva har du der?” Bladfyk blei brått merksam på at han hadde noko ståande ved postkassestativet. Det såg ut som, eit bilete? ”Eh, nei. Dette er berre ei innramming av Årets bilete 2014. Ja, eg vart jo som kjent kåra nok eit år som vinnar. Så, eg tenkte at eg skulle tilby Saniteten bilete som ei erstatning for det som er borte.”

del_4_arets_bilde_vinner

Dei prata vidare om forsvinninga av biletet. ”Eg skjønar ikkje kven som kan ha interesse av å ta biletet. Det må vere ein jeger som ikkje har gjort det så bra i år.” Årets bilete-vinnaren satte Bladfyk inn på ein ny teori. Men no måtte ho vidare til Ungdomshuset. Ho slengde seg på sykkelen og drog vidare oppover bygda.

Ungdomshuset. Dette huset ein har feira mang ei anledning. Frå barnehagekvardag, til bryllaup, basar, polskurs, pilkast, sceneopptreden og sveitte swingdansar. Tombolahjul med premiar på øvste hylle, og skifte av filmrull når det passa minst i bygdekinofilmen. Eit hus så sentralt i mangt eit minne. Om han som stupa ut av seterglaset i Rommådalshelg, til den kjente operasongarinna som måtte skifte på eit dametoalett der det verken var plass til kjolar eller divanykker. Men ja, fram då frendar i fredeleg kappstig, Der hang biletet av hjorten slik som ho hugsa. Ho gjekk tett på for å sjå. Såg det ut som at det var gjort plass til eit nytt bilete?

”Finn du det du leitar etter?” Det var husstyrar Moe som stakk hovudet inn. ”Nei, eigentleg ikkje. Og akkurat no står eg å tenkjer på at det ikkje er logisk at hjorten kjem når lauve det gulna. Det er jo når jakta er i gang at den er borte. Men det skal vel rime på finne gjeværet frem så …” Husstyrar Moe følgde ikkje med på bablet til Bladfyk, men skotta opp mot galleriet. Ho snudde seg for å sjå kva han såg på. Døra til gallerirommet sto på gløtt. Hadde den gjort det heile tida? ”Nei, no må du gå. Eg har andre ting å gjere enn å henge her” Husstyrar Moe fekk det travelt. ”Men eg kunne ha tenkt meg og sett oppe på galleriet og?” ”Der er det ingenting, etter oppussinga er det ikkje noko som blir lagra der” ”Men … ” Bladfyk vart venleg, men bestemt skyssa ut døra. Og det utan meir forklaring.

Følg med i morgon fredag, då kjem episode nummer 5!

Publisert: 2. april 2015, 06:00