Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 1/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Sundag 29. mars 2015

Årets påskekrim får du på Todalen.no. Vi har fått inn ein påskekrim i seks deler som vi vil publisere utover i påska, og når nest siste del er publisert vil det være mogleg å sende inn svar. Vi vil premiere mest korrekte svar, mest kreative svar og nokre heldige som blir trekt ut. Første episode kjem nedanfor, deretter kjem det episodevis på mandag, tirsdag, torsdag og fredag. Deretter får du helga på deg til å finne løysinga og sende inn. Måndag 2. påskedag kjem svaret på gåta, og så fort vi vinn det premiering. Vi takkar Guro Redalen for bidraget, så sett vi i gang!

Der fjorden går mot fjella inn. Der ligg dalen, slik som han har gjort sidan Tov skua utover han frå Sjåarberget ein gong. Og elva, ja ho går fortsatt i foss og sving. Her kor kjerringane diltar på idealtid, og skrommeltoget hadde si vogge. Enno heilt utan støy frå tungtrafikk på Trollheimstunelltur, eller skip lasta med Tarald Turist. Alt slik det skal vere. Synet av dei gamle fjell i syningom. Vårsøg i lufta. Nok snø på toppane til dei som likar slikt. Og bar asfalt til dei som trivst med det. Perfekt! Det var no eit par veker sidan telefonen kom med tilbod om å vikariere for redaksjonen i todalen.no. Ei heil veke med skriving om smått og stort, kven kan vel seie nei til det? Ikkje ho, Lebrekk Bladfyk, no på veg hæm inn stranda med spissa tastatur og skjerpa sansar. Her skulle påska i Todalen dokumenterast, om så trugane skulle på for djupneintervju om pølsegrilling, bygda rundt-biletserie med glade solbrillefjes, tabloid temperaturstatistikk frå Bruset Øvre og kioskopningstider på Hals. Og var ho ekstra heldig fekk ho sneke inn eit par bidrag til Dagens bilete og. Påska 2015 – Viggo Valle, du treng ikkje å spør kvar ein skal reis!

Dag ein. Den vikarierende redaksjonen hadde starta påskemorgonen med kaffi på kloppen og Påskelabyrinten. Og å lytte til lokale vêrspåmenn. Men no var det på tide å starte opp på arbeidet. Vaktelefonen hadde dekning, og Svorka leverte stabilt og breiare band enn nokon gong. No kunne tipsa berre strøyme på. Det skulle ikkje stå på mottaket. Hm. Nei. Skulle ein ha tatt seg ein tur på Hals eft. eller Matkrok-Ica-Nærbutikk-kvadetnoheiter. Jepp, ein tur på Bua vil nok gjere susen for nyheitsstraumen. Sjølvsagt i embets medfør, men med pengar i lomma til smågodt. For det er som kjent ikkje noko som skjerpar skriving som litt e-stoff og sukker.

del_1_Sanitetsloddselgar

På Hals eft. var det kjentfolk i kvar ei krå, og journalistarbeid vart lagt til side for Den Gode Samtalen. Vêr og vind vart sjølvsagt diskutert, og det var ei lett summing av klisterføre og appelsinpreik. Men så. Bladfyk hadde endeleg kome seg til smågodthylla og plukka ivrig krokodiller og sure føter. Skulle ein ha teke litt … Eit hyl breidde seg ut over reolane, over post i butikk og tippesentralen. ”De e bort! ” Kva var borte? Det såg ut som at folk samla seg ved Kaffekroken der Saniteten selde lodd for kunstlotteriet. To bilete var lodda ut, og no var altså det eine forsvunne. Der Kronhjort i måneskinn hadde hengt var det berre spikaren att. Vekk som ein katt som skal til dyrlegen. Heilt borte. Berre ein ting var sikkert. Jakta på mistenkte kunstjegerar måtte ta til. Og fellingsløyve vart gitt der og då.

Følg med på mandag, då kjem episode nummer 2!

Publisert: 29. mars 2015, 06:00