Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På’n igjen – skulestart i dag.

Jon Olav Ørsal Måndag 22. august 2016

I dag var vi oppmøtte i Todalen skule da klokka var 8.30 for å få med oss skulestarten. Det var også 23 elevar som strutta av energi, og var glade for å treffast på skuleplassen igjen etter ein lang sommarferie.  3 nye førsteklassingar var også på plass, med nye flotte skulesekkar, og stillte nok med store forventningar.

Førsteklassingane2016_4037

Førsteklassingane fann tonen fort – frå venstre Trygve Alexander, Jens Sancho og Martine med sine flotte skulesekkar. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter ein rask fotosession – eit bilde med heile gjengen og eit med førsteklassingane åleine var det klart for å finne klasserommet for ein litt mjuk start den første skuledagen i eit nytt skuleår.

Vi vil også minne trafikkantane om at det no er mange mjuke trafikkantar på vegane i samband med skulestarten. Kjør forsiktig og være spesielt oppmerksam på dei minste –  6-åringane har ikkje så mykje erfaring frå trafikken.

 

Publisert: 22. august 2016, 09:23