Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til Bjøråskaret ein finvêrsdag…

Jon Olav Ørsal Måndag 21. juli 2014

Nå er det fine tilhøve dersom du likar å ta korte eller lange fjellturar. Søndag tok Jon Bruset turen til Tristeinan og Bjøråskaret, og han rapporterer det no er tørt å fint å gå i fjellet og fine tilhøve om du også vil ta med telt og sovepose for å overnatte i fjellet. Han oppfordrar også til å ta med moltespann…

Les heile saka

Månadens bilete: Slåttonn

Ole Petter Talgø Måndag 21. juli 2014

For juni kan vi gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete med «Slåttonn». Denne gongen var det regelrett knock-out, med meir enn halvparten av stemmene. Vi gratulerer og lovar at premien vil bli overlevert ved første anledning!

Les heile saka

Sommarvêret held fram til over neste helg

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2014

Det fine sommarvêret vi har hatt dei to siste dagane ser ut til å halde fram til over neste helg. I dag har temperaturen vore heilt opp mot trettitalet i skuggen, og på langtidsvarselt til YR.NO ser det ut til å bli fleire slike dagar utover veka.

Les heile saka

Kokepåbud inntil vidare for Bjøråa vassverk

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2014

Frå Surnadal kommune er det kome kokepåbud for abonnentane i Bjøråa vassverk, Todalen:  «På grunn av svikt i desinfeksjon blir det krevd kokepåbud fra og med no. Nytt varsel gis når det opphører. Med venlig hilsen, Surnadal kommune»


Vatn i kranane igjen – men med kokepåbud

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2014

Da er leveransen av vatn i gang i gjen frå Bjøråa vassverk. Dei får ikkje retta feilen på renseanlegget før måndag, og difor sender dei no urensa vatn ut til abonnentane til vassverket. Difor blir abonnentane inntil vidare pålagt kokepåbud for vatn som skal brukast til drikke eller matlaging. Vi stakk innom styringssentralen i Brusetmarka, […]

Les heile saka

Vatn i rørene igjen frå Bjøråa – innimellom..

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. juli 2014

Befalsvakt Gunnar Bøe melder at vassleveransen frå Bjøråa vassverk er komen i gang igjen, men med litt redusert trykk og ustabil leveranse. Det er problem med UV-anlegget som er årsak til problema. Det siste er at det blir heilt stopp i leveransen igjen ein kort periode, for å prøve å få leveransen stabil.

Les heile saka

Driftsstans ved Bjøråa vassverk

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. juli 2014

Det kommunale vassverket i Bjøråa fikk driftsstans laurdag føremiddag. Teknisk vakt var raskt på plass i driftssentralen og konstaterte problem med UV-anlegget, og han rekna med å få anlegget i drift igjen ganske raskt. Bjøråa vassverk har vassforsyninga frå Gammelfabrikken og nedover til Todalshytta, samt boligfeltet på Flathaugan.


Gaupa spaserte freidig forbi på asfalten

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. juli 2014

Agnete Øyen vart lettare sjokkert da ei gaupe kom spaserande etter asfalten forbi huset no i kveld. Ho sto i telefonen heime på Brustad da ho kika ut gjennom vinduet og fekk sjå gaupa som kom etter vegen. Gaupa stoppa og såg opp på Agnete, før ho forsette innover forbi Brusetbrua og innover i retning Lykkja før ho forsvann oppi skogen.

Les heile saka

Lite innsig – strengare handtering av laksefisket

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. juli 2014

Starten på årets laksesesong tyder på at det er lite innsig av laks til mange av elvane i distriktet. Etter midtsesongevaluering er det difor mange elvar som har innførst strengare kvotar og regulering av fisketida i samråd med Miljødirektoratet. Enkelte elvar har faktisk gått til det skrittet å frede all storlaksen. 

Les heile saka

I kø for å bli født…..

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. juli 2014

I fjøset hos Ola Kvendset i Viastua er det kø for å kome til verda i sommar. I løpet av eit par månader er det eit 30-tals kalvar som skal sjå dagens lys, og det er alt no kome 6 som er komne oppi samlebingen. Med andre ord er det ganske konsertrert kalving denne pereioden og hektisk for Ola som skal være «jordmor» for dei fleste.

Les heile saka

På gamle tomter igjen…

Jon Olav Ørsal Måndag 14. juli 2014

Stupsi, eller Reiner Thiemann som er det rette namnet er på ferie i Todalen. Da Todalen.no trefte han og kona Karin var dei bokstaveleg fortalt på gamle tomter, på Todalshytta. Dit kom han nemleg saman med ein gjeng tyske turistar på første gruppereisa som Vikingenreisen arrangerte til Todalen i 1969 – for 45 år sia.

Les heile saka

Med kvalitet i høgsetet

Elinor Bolme Sundag 13. juli 2014

Torsdag 24. juli går startkonserten til årets Stangvikfestival. Ein festival som set kvalitet i høgsetet når det terpast på øvingar og ikkje minst når gjennomføring av konsertane skjer på dei ulike intime konsertlokala. Åpninga under årets festival er lagt til Gammelfabrikken i Todalen med Marianne Meløy og Trygve Brøske si markering av stemmerettsjubileet; STEMT. Arrangørane lovar ei fantastisk framsyning i fantastiske omgivelsar.

Les heile saka