Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stordag i barnehagen

Elinor Bolme Torsdag 18. september 2014

Tysdag hadde barnehagen besøk av NAF og politi. Dei hadde fokus på sikring av barn i bil, bruk av bilbelte og bruk av refleks når ein ferdast ute. Det er viktig å få inn gode vanar tidleg, og det var eit lydhørt publikum dei snakka til.

Les heile saka


Skoleskyss i Todalen og kommunen ellers

Sverre Kjølstad Torsdag 18. september 2014

Fra Sverre Kjølstad har vi etter forespørsel tidligere fått tilsendt litt info om skoleskyss i Surnadal kommune, samt de ulike tidene bussen går ut og inn il Todalen. Her er det naturlig vis fullt mulig å kunne benytte seg av bussen for andre enn skolepliktige.

Les heile saka

Utskifting av stikkrenner – arbeidet i gang

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. september 2014

Onsdag starta arbeidet med utskifting av stikkrenner og reparasjoner av setninger i vegen rundt bygda. Arbeidet starta med stikkrenna ved Sissiå, og det danna seg for kø, spesielt på Todalssida, men det var ingen problem med å vente nokre minutt for å kome seg vidare. Det er firma J. Reiten frå Halsa som utfører arbeidet, […]

Les heile saka

Storkonsert i Bøfjorden fredag kveld

Elinor Bolme Onsdag 17. september 2014

Kommende fredag er det konsert med Steffen Jakobsen på Bøfjorden grendahus – Steffen ble kjent som han med den dype countrystemma på Idol på TV2 i fjor. Og til helga «stikker» han innom Bøfjorden etter en lang og travel festivalsommer.

Les heile saka

Dametrim på torsdagar igjen

Elinor Bolme Tysdag 16. september 2014

Torsdag startar dametrimmen oppatt melder instruktør Turid Hals Sæther. Ho har finpussa på programmet og inviterer gamle og nye trimmarar til dametrim i gymsalen ved Todalen skule torsdager framover. Oppstart førstkomande torsdag kl 20.

 


Avslutta med Mesternes Mester

Elinor Bolme Tysdag 16. september 2014

Årets runde med laseriestemne vart søndag avslutta med Mesternes Mester på Bordholmen. Eit titals barn møtte opp og tok del i liknande øvelsar som ballongstafett, vassballongkasting og blandt anna uthaldingsøvelse med ball over hovudet.

Les heile saka

3 elgoksar på ein dag…

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. september 2014

Søndag vart det litt av ei arbeidsøkt for Storli jaktlag som driv i Rodal og Engdal. Tre elgoksar i eit jag vart resultatet av dagens jakt, og over 500 kg skulle i løpet av ettermiddagstimane fraktast ned frå skogen og til slakteplassen dei har i Rodal. Dei prisa seg nok lykkeleg for at dei har eit motorisert elgtrekk som ein kan laste heile dyret på og tranportere det fram til veg. Storli jaktlag starta si historie i Storlidalen, men har sia 1996 leid jakt i Rodal og er no godt kjent i terrenget her, fortel Ragnar Halle som er jaktsjef for gjengen.

Les heile saka

15 kgs rugg skal føre genene vidare?

Jon Olav Ørsal Måndag 15. september 2014

Stamlaksfisket gikk betre enn venta søndag, da mannskapet plutseleg hadde ein 15 kgs hannlaks i garnet. Det var i Raubekkhølen at ein bit av elva vart stengt av og laksen som gikk i hølen gikk bostaveleg talt rett i garnet. På dette settet dekka dei behovet for stamlaks i første omgang, da det vart både han- og hofiskar til stamlakshuset i Brusetmarka. Storlaksen på 15 kg er nok den største på fleire ti-år, og ein må vel attende til Phillipstida for å finne større laks. Lorth Phillips tok nemleg ein på 21 kg tidleg på 1900-talet.

Les heile saka

Moskus på besøk i Dalabotnan – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 15. september 2014

Ein rypejeger fikk sitt livs oppleving laurdag, da han trefte på ein moskus oppi Dalabotnan, ovafor Kårvatn. Det er første gong det er observert moskus i Todalen, og det er litt artig å få slik selebert besøk, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Moskusen beitet seg utover i retning Nebba da rypejegeren gjorde sin siste observasjon. Korleis moskusen er komen dit er det ingen som veit, men Gudmund trur han har funne vegen hit frå Oppdalsfjella og gjennom Neådalen og over til Naustådalen og Dalabotnan.

Les heile saka

Flott nordlys i helga…

Jon Olav Ørsal Måndag 15. september 2014

Rett før helga var det stor aktivitet på sola, og natt til laurdag og natt til søndag var det varsla stor nordlysaktivitet. Jon Are Husby hadde fått med seg det, og natt til laurdag hadde han rigga seg til med kamera, stativ og fjernutløysar.

Les heile saka

Ein rett og to vrang i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 14. september 2014

Laurdag starta Todalen sanitetsforening ny sesong med «Strikkekàfe» etter ein lang sommarferie. På denne fine haustdagen vart det ikkje noko rekordoppmøte, men den «harde kjerne» møtte opp og såg ut til å ha det triveleg i lag, og vår utsendte kom akkurat til kaffeserveringa og vart dermed traktert med prima eplekake til kaffen.

Les heile saka