Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på sjakk

Jon Olav Ørsal Fredag 2. januar 2015

Sjakkgjengen startar på igjen søndag kveld (4.1) kl 19.30 på Matkroken. Har du lyst til å bli med på ein triveleg sjakkveld i Kaffekroken, og du treng slett ikkje være ekspert for å delta. Ta gjerne med brett og brikkar dersom du har, oppfordrar Trygve Halle som er «pressekontakt».

Les heile saka

52/17 – den første søndagsturen blir til Bæverfjord

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. januar 2015

Den planlagte turen føstkommande søndag (4.1.) til Tjønnmyra blir flytta til Bæverfjord, melder kulturleiar Lilly Husby. Dette er ein rundtur i Bæverfjord som du kan gjennomføre ved å gå, sykle eller jogge. Du kan starte kvar som helst på runden, og du krysser elva Bøvra to gonger. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg, og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. Runden går i flatt terreng, og er ein lett nystartartur på sykkel. Til fots tek turen ca 1- 1,5 time rask gange.

Les heile saka


Midlertidig stengt

Elinor Bolme Torsdag 1. januar 2015

Surnadal Alpinsenter varsler desverre om midlertidig stenging frå og med i dag 1. januar grunna dårlege forhold i bakken. I går var siste åpningsdag før veret forhåpentlig vis tek til vettet og forbedrar seg slik at det blir full aktivitet i Sæterlia igjen.

Les heile saka

– og takk for det gamle!

Jon Olav Ørsal Onsdag 31. desember 2014

Da står det berre att å takke dere alle som har vore med oss gjennom 2014. Dere er mange, det ser vi på statistikken vår. I skrivande stund har det vore 375.659 besøk på Todalen.no – meir enn tusen besøk kvar einaste dag – ein auke på 9,37%. Og enno er det over 8 timar att! Tilsaman har det vore 58.378 unike besøk – og det blir litt av ein folkehop.  Takk til dere alle for at dere var med oss, og velkomne att til neste år.

Godt Nyttår frå oss i redaksjonen!

Helsing Mari, Elinor og Jon Olav

 

 


Høgtidsgudsteneste på nyttårsaftan

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. desember 2014

På årets siste dag er det høgtidsgudsteneste i Todalen kyrkje kl. 16:00 Takkoffer til Todalen Sanitetsforening. Velkomen til gudsteneste!


Fotpleie på nyåret

Elinor Bolme Tysdag 30. desember 2014

Fotterapaut Olaug Bergem Aspill kjem rett over nyttår for ein ny runde med fotpleie i Sanitetshuset. I første omgang er dagane satt til 5. og 6. januar, med muligheit for ein tredje dag om behovet melder seg.

Les heile saka

Måndag kveld: Breibandet til Todalen i drift igjen

Jon Olav Ørsal Måndag 29. desember 2014

Svorka Aksess melder at fiberkabelen inn til Todalen er reparert og sett i drift rundt kl 21.30. Det var brot i fiberkabelen på strekninga Eidet-Polden som var årsak til at abbonnentane i Todalen mista breibandsleveransen i løpet av natta.

Les heile saka

Utan breiband i Todalen – feilretting pågår

Jon Olav Ørsal Måndag 29. desember 2014

Måndag 29. desember er vi i morgontimane utan breiband frå Svorka Aksess. Kl 10.25 melder Svorka Aksess via SMS at det er brot på breibandsnettet inn til Todalen, og at dei no jobbar med feilsøking. Svorka lovar å koma med meir info så snart dei veit meir.

Les heile saka

Kåpe savnet etter revyfesten

Elinor Bolme Sundag 28. desember 2014

Arrangørane av 3. dagsfesten i Ungdomshuset har fått ein henvendelse av ei som saknar si mørke grå kåpe med glidelås. Den var ikkje i garderoben da ho skulle heim i går kveld.

Les heile saka

Romjulsdrønn trekte fullt hus

Jon Olav Ørsal Sundag 28. desember 2014

Julerevyen «Juledrønn» trekte rundt 150 tilhøyrarar på hovudførestillinga Ungdomshuset 3.-dagskvelden, og publikum fekk full valuta for pengane. Her var det «æksjen» frå start til mål, og publikum fikk skikkeleg forklaring på kvifor revyen hadde fått namnet «Romjulsdrønn». Årets gjesteartistar kom fra «Øverbygdrevyen» i Sagatun og «Bygdatrall», og dei skjemte slett ikkje laget!

Les heile saka

Sesongåpning i Sæterlia

Elinor Bolme Laurdag 27. desember 2014

Surnadal Alpinsenter melder i kveld om at anlegget endeleg er klart for åpning i morgon kl 11.00. Mange har i løpet av dei siste dagane allerede ordna seg med heiskort, slik at det berre er å sette utfor når heisen startar på føremiddagen i morgon.

Les heile saka