Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøp fastelavensris

Jon Olav Ørsal Fredag 13. februar 2015

Tidlegare i veka hadde vi ei sak om sanitetskvinnene i Todalen som produserte fastelavensris til aksjonen no i helga. Fredag og laurdag er dei på plass på «torget» på Matkroken L. Hals med både fastelavensris og eit flott fastelavenstre på vegkanten framfor butikken.

Les heile saka

Gjer seg klar for nytt Nødnett

Elinor Bolme Fredag 13. februar 2015

Onsdag kveld var brannmannskapene tilhørande Todalen og Kvanne samla på Stangvik skule til gjennomgang av bruk av nytt utstyr ved overgang til Nødnett. Til dagleg har dei alle varslarar på seg som er kopla til 110 sentralen i Ålesund. Dagens system kan til tider opplevast ustabilt. Todalen har som kjent hatt utfordringar med signal og utfall av sendar som signala går igjennom.

Les heile saka

Norgescup i randonee – klart for skifest!

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. februar 2015

Den siste veka har det sjølvsagt vore knytta stor spenning til helgavêret. Regnvêret har trua heile Norgescup-arrangementet som går av stabelen på Kårvatn i helga. No ser det ut til at vêrgudane er komne på andre tankar, og etter vermeldingane på yr.no kan arrangementet bli den reinaste skifesta i Dalalia og oppover mot Tydalsnebba. Fredag blir løypa merka opp og kontrollert med tanke på eventuell rasfare. Laurdag er det klart til start!

Les heile saka

Bli med Stangvik Jentekor på «Kardemommefest»

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. februar 2015

Stangvik Jentekor har såvidt starta øvinga, og med roller frå «Kardemomme By» og «Hakkebakkeskogen» satsar Stangvik Jentekor på Egner-program denne våren. Øvingane er enno i startfasen – og det er plass til fleire aktørar til å bli med, fortel Bernt Bøe.

Les heile saka

Smash, blokk og litt føring

Elinor Bolme Torsdag 12. februar 2015

Onsdagar samlast ein ivrig gjeng med volleyballspelarar i gymsalen på Todalen Skule. Det er ungdomen i bygda som er initiativtakarar, og dei dominerte sist gong med sin deltakelse. Likevel var alle aldersgrupper representert, frå tenåringar, tjue-, tredve-, førti- og femtiåringar.

Les heile saka

Årsmøte Surnadal Arbeiderparti

Elinor Bolme Onsdag 11. februar 2015

Surnadal Arbeiderparti avholder sitt Årsmøte torsdag 19. februar kl. 19.00 på Kantina, Sykehjemmet.

Nye og gamle medlemmer ønskes velkommen.


Illustrasjonsfoto

Politiet i godlune, denne gongen…

Elinor Bolme Onsdag 11. februar 2015

Tirsdag ettermiddag hadde lensmannskontoret i Surnadal trafikkontroll ved L. Hals Eftf. Betjent Anders Magne Ormset melder i dag om at det var det litt for høg prosent som ikkje hadde med seg førerkortet når dei var ute og kjørte.

Les heile saka

52/17 – Søndagsturen går til Vang skistadion

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. februar 2015

Denne helga går «Søndagsturen» til Vang skistadion på Kvanne (I tidsrommet 12-15). Denne turen passar spesielt godt for småbarnsfamiliar, men det er mange tilbud både til liten og stor. Du kan ta med ski og bruke løypene eller ta ein tur i skogen. Du finn også høvelege akebakkar dersom du heller vil det – eller du kan ta med barnevogn og ta ein luftetur i nærområdet til løyper og

Les heile saka

Er du nyinnflytta til kommunen – bli betre kjent aktivitetane

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. februar 2015

Er du nyinnflytta til Surnadal kommune, så er det kanskje lurt å bli med på treff for nyinnflytta på Surnadal folkebibliotek på kulturhuset. Det skjer torsdag 12. februar, og da vil Øystein Hjelle Bondhus fortelje om kva aktivitetar Surnadal Idrettslag og andre idrettslag i kommunen driv med.

Les heile saka

Store klimavariasjonar frå år til anna…

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. februar 2015

I dag skriv vi 10. februar, og ein skulle tru at det på denne tida var full vinter og godt med snø. Men slik er det ikkje – det er bar mark, med berre litt som ligg att på åker og eng. Jon Bruset har sendt oss 4 bilder, der motivet er Todalen – frå Storhaugen og nedover bygda. Alle bileta er tekne den 10. februar i tidsrommet 2010 – 2015. Han manglar 2012 og 2013, men da var det kanskje ikkje fotovêr av ein eller anna grunn.

Les heile saka

Fastelavnsris på gang….

Jon Olav Ørsal Måndag 9. februar 2015

Fastelavn nærmar seg no med stormskritt, men det er sanitetskvinnene godt forebudd på. Søndag trossa dei regnvêret og dro til skogs for å finne bjørkeris, og måndag var ein gjeng samla i Sanitetshuset for å lage bukettar – pynta med fargerike fjær og NKS-logo. Fredag og laurdag er dei på plass på Matkroken for å selge fastelavnbukettar for ein 50-lapp.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Sundag 8. februar 2015

Vi har komme over til ein my månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2015. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke.

Les heile saka