Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hytte til sals på Kårvatn – søndag er det visning!

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mars 2015

Det er ikkje så ofte at det byr seg anledning til å kjøpe hytter eller fritidshus i Todalen. Men no er det ei hytte til sals på Kårvatn, i hyttefeltet innafor Plassen, like ved Nauståfossen. Hytta ligg på sjølveigartomt, og har veg fram til tomta.

Les heile saka

Sakliste klar

Elinor Bolme Onsdag 4. mars 2015

Også todalen.no har si sakliste klar før årsmøtet neste tirsdag i ungdomshuset. Her er ordinære årsmøtesaker, ein gjennomgang av året som gjek og litt enkel kortreist servering. Og naturleg vis utdeling av Årets Bilde.

Les heile saka

Månadens bilete: På skattejakt

Ole Petter Talgø Tysdag 3. mars 2015

Etter ei lita forsinking, kjem her resultatet etter avsteminga av månadens bilete for januar. Vi kan gratulere Venja Lian som vinnar med biletet «På skattejakt». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.

Les heile saka

Arbeidet med rassikring må forserast

Elinor Bolme Tysdag 3. mars 2015

Søndag skjedde det igjen. 4 bilar vart tekne av skred, 11 personar var i livsfare, og nok ein gong var marginane på rett side slik at alle dei involverte slapp frå hendinga i live. Denne gongen var det eit 50 meter langt snøskred med ei høgde på to meter tettpakka snø, som trefte køyretya på hovudvegsambandet nord-sør langs Vestlandet, Europaveg 39. Dette skriv Nasjonal Rassikringsgruppe der Lilly Gunn Nyheim er Møre og Romsdal sin representant, i ei pressemelding i går.

Les heile saka

Karnevalstid i barnehagen…

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2015

I Todalen barnehage har det vore karneval, og Jorunn Nordvik har sendt oss eit bilete av gjengen i flotte kostymar. I ein e-post skriv Jorunn: «Fredag var det duket for karneval i barnehagen. Vi har hatt nedtelling til dagen lenge (!), og alle stilte i flotte kostymer.  Tradisjon tru var det dans til samba-rytmer, limbo og vi slo «katta ut av sekken»».


Onsdag: Hundre år med Dampen i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2015

Bernt G. Bøe vil ta med publikum på ei spennande hundre år gammal ferd på Surnadal kulturhus onsdag 4. mars kl. 13.30: «Dampen» var sjølve blodomløpet for Nordmøre frå 1857 til «Kvernes» gjorde siste tur i 1959.

Les heile saka

Infokveld med jakt, ettersøk og utmarkforvaltning

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2015

I kveld arrangerer Surnadal kommune og Surnadal bondelag «Kløverstukveld»,  der dei sett fokus på forvaltning av storvilt og ettersøk. Det skjer i Svorkasalen på kulturhuset, med start kl 19.30. På programmet står: – Prosjektet «Variasjon i hjortens områdebruk om høsten ” v/Erling Meisingset. – Info om ettersøk, v/Anders Magne Ormset – Orientering om felles forvaltningsplan for Aure, […]

Les heile saka

Dei yngste var best

Sondre Halset Sundag 1. mars 2015

I går var det ei ny utsending frå todalen.no som tok turen på Skihytta for å ta tempen på stemninga på tidlegare annonsert skiskyttartevling

Les heile saka

Aktiv i eigen kvardag!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 28. februar 2015

Ei prosjektgruppe i kommunen har i lengre tid arbeidd for å få i gang ei helseteneste som heiter «Aktiv i eigen kvardag». Fredag 27.februar var det klart for «kick off» og informasjonsmøte for helsepersonell Surnadal kommune. Prosjektgruppa er tverrfagleg og arbeider med kvardagsrehabilitering. Det er ein metode der ein arbeider for ein mest mogleg sjølvstendig og aktiv livsstil uansett alder.

Les heile saka

Russerevy: – «Våvvin tå rette vefta» imponerte

Jon Olav Ørsal Fredag 27. februar 2015

Surnadalsrussen har kjørt fullt hus både torsdag og fredag med russerevyen «Våvvin tå rette vefta». Laurdag kjøres det to førestillinga – den første kl 14 og siste kl 18. Siste førestilling er utsolgt, medan det i skrivande stund fredag kveld er ca 130 ledige biletter på første førestilling kl 14. Programmet var spunnet rundt diktarkongen Hans Hyldbakk og var eit flott historisk tilbakeblikk, samtidig som den tok vare på den kjappe replikken og humoren som ein russerevy skal ha.

Les heile saka

Vinterblot 2015 på Skihytta.

Mari B. Redalen Fredag 27. februar 2015

Tradisjon tro er årets vinterblot gjeng samla på skihytta denne helga i februar. De dro opp på torsdag og skal være til søndag – med fullt program….

Les heile saka

Ein uheldig start på dagen

Elinor Bolme Fredag 27. februar 2015

På morgenkvisten i dag var det eit lite trafikkuhell ved Sisibu. Eit rådyr vart påkjørt og både viltnemnda og ettersøkshund vart tilkalla. Og sidan ein har leiar i viltnemnda, Ragnar Halle og godkjent ettersøkshund lokalisert i Todalen (nærmaste nabo med Ragnar), gjekk det rimeleg fort unna å få lokalisert det skadde rådyret. Dyret var i […]

Les heile saka