Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vinterblot 2015 på Skihytta.

Mari B. Redalen Fredag 27. februar 2015

Tradisjon tro er årets vinterblot gjeng samla på skihytta denne helga i februar. De dro opp på torsdag og skal være til søndag – med fullt program….

Les heile saka

Ein uheldig start på dagen

Elinor Bolme Fredag 27. februar 2015

På morgenkvisten i dag var det eit lite trafikkuhell ved Sisibu. Eit rådyr vart påkjørt og både viltnemnda og ettersøkshund vart tilkalla. Og sidan ein har leiar i viltnemnda, Ragnar Halle og godkjent ettersøkshund lokalisert i Todalen (nærmaste nabo med Ragnar), gjekk det rimeleg fort unna å få lokalisert det skadde rådyret. Dyret var i […]

Les heile saka

Frista med «kjøtt og påsse» på eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Fredag 27. februar 2015

Sist onsdag var det kjøtt og påsse på menyen på Eldremiddag, da dei feira «feittysdag» litte grann forsinka. Eit stort tjuetals gjestar hadde benka seg rundt 2 langbord, da kokkane Karen Johanne Talgø og Jorunn Ørsal serverte kjøtt og påsse, med suppe og fullt tilbehør til heile gjengen.

Les heile saka

Fjerde runde Storrundt

Elinor Bolme Fredag 27. februar 2015

Her kjem fjerde runde med «Storrundt» frå Todalen Historielag. Denne gongen frå Kvennsetgardane, frå den tida da bygdavegen gjekk bort til Andersstuå og Viastuå. I gamle dagar sto alle husa på gardane på Kvennset i ei klynge der Andersstuå og Viastuå står i dag

Les heile saka

52/17 – søndagsturen til Valsøya denne gongen

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. februar 2015

Denne veka går søndagsturen til Valsøya i Halsa kommune. Du kjører til Betna og rett fram vidare utover etter E39 til Valsøya og parkeringsplassen ved Valsøytunet som ligg attmed vegen. Frå Todalen er det ei strekning på ca 75 km, og tek ein stor time å køyre. Her kan man gå kortere eller lengre turer på «øya» til fots. Bålplassen blir ved stranda på Hestholmen like ved parkeringsplassen. Her blir det fyrt opp i bålpanna og koka på kaffe fra svartkjel.

Les heile saka

Små endringar i Nordvik Grendalag

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. februar 2015

Onsdag kveld arrangerte Nordvik grendalag årsmøte i Forsamlingshuset. Foruten vanlege årsmøtesaker var det val, der både styreleiar Ola J. Nordvik og nestleiar Ola Magne Nordvik tok gjenval, medan Karin Åsbø vart ny kasserar. Sjå oversikt nedafor…

Les heile saka

Årsmøtet med uttale om både politi- og kommunereformen

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. februar 2015

Både politireformen og kommunereformen er brennheite tema i disse tider. Surnadal Arbeiderparti hadde årsmøte i forrige uke, og etter at den ordinære dagsorden for årsmøtet var ferdig, vart aktuelle saker diskutert. Årsmøtet hadde forøvrig besøk av Rune Olsø for å informere og inspirere medlemmene til innsats i politikken.

Les heile saka

Asfaltering til sommaren

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. februar 2015

Asfaltsesongen nærmar seg, og Statens vegvesen har innhenta anbud på asfaltering av rundt 65 km med riks- og fylkesvegar på Nordmøre skriv tk.no på sine nettsider. Det næraste vi kjem denne «asfaltkaka» er nytt dekke frå krysset i Hauahyllå på FV671 og 1496 meter i retning Todalen. Elles blir det nytt dekke på ein del av FV65 mellom rindal og Surnadal: Bullu bru–­Harang 6.555 meter og Honnstad–Ranes 3.601 meter – tilsaman litt over ei mil.

Les heile saka

Har du ledig husrom i april – leilighet eller hytte?

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. februar 2015

Ein liten familie på 3 ønskjer leige ei lita møblert leilighet – eller hytte – i april månad. Enten i Todalen, eller mot Surnadal. Eit eller to soverom, kjøken og dusj. Mulighet for vask av klede. Internett og TV er ikkje nødvendig, men sjølvsagt fint å ha, fortel familien som kjem frå Sogn.

Les heile saka

Ein «godbit» på eldremiddagen…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. februar 2015

Komande onsdag (25. februar kl 13) blir det feittysdag på Eldremiddagen i Sanitetshuset. Litt forsenka i høve til kalenderen, men dei kjem godt etter, og lovar mykje og god mat. Menyen er sjølvsagt «Kjøtt & påsse» med høveleg tilbehør, og dessert etterpå. Ring gjerne og meld frå at du kjem til telefon 91337168 eller 71663598. Eldremiddagen minner om at dei no arrangerer eldremiddag annakvar veke, og neste gong blir derfor 11. mars etter plana.


Aktivitetar i Indre Nordmøre Forsvarsforening i 2015

Jon Olav Ørsal Sundag 22. februar 2015

Indre Nordmøre forsvarsforening har lagt planer for sitt arbeid i 2015. Plana startar med årsmøte på Hammerstuene alt onsdag kveld, og sidan går det slag i slag gjennom året, og sluttar med julegudsteneste i Nidarosdomen midt i desember. Dei neste aktivitetane til INF er 6.-7. mars, med markeringa av friluftlivet år og 7. mars når laget arrangerer «Skiskytingens dag» på Nordmarka. Nedafor finn du detaljert aktivitetplan for lagets aktivitetar – den ligg også på INFs nettside som du finn ved å klikke på linken her.

Les heile saka

Årsmøte todalen.no

Elinor Bolme Sundag 22. februar 2015

Det er årsmøtetid også for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 10. mars kl 19.30. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saklista står vanlege årsmøtesaker.

Les heile saka