Onsdag kveld arrangerte Nordvik grendalag årsmøte i Forsamlingshuset. Foruten vanlege årsmøtesaker var det val, der både styreleiar Ola J. Nordvik og nestleiar Ola Magne Nordvik tok gjenval, medan Karin Åsbø vart ny kasserar. Sjå oversikt nedafor…
Les heile sakaÅrsmøtet med uttale om både politi- og kommunereformen
Både politireformen og kommunereformen er brennheite tema i disse tider. Surnadal Arbeiderparti hadde årsmøte i forrige uke, og etter at den ordinære dagsorden for årsmøtet var ferdig, vart aktuelle saker diskutert. Årsmøtet hadde forøvrig besøk av Rune Olsø for å informere og inspirere medlemmene til innsats i politikken.
Les heile sakaAsfaltering til sommaren
Asfaltsesongen nærmar seg, og Statens vegvesen har innhenta anbud på asfaltering av rundt 65 km med riks- og fylkesvegar på Nordmøre skriv tk.no på sine nettsider. Det næraste vi kjem denne «asfaltkaka» er nytt dekke frå krysset i Hauahyllå på FV671 og 1496 meter i retning Todalen. Elles blir det nytt dekke på ein del av FV65 mellom rindal og Surnadal: Bullu bru–Harang 6.555 meter og Honnstad–Ranes 3.601 meter – tilsaman litt over ei mil.
Les heile sakaHar du ledig husrom i april – leilighet eller hytte?
Ein liten familie på 3 ønskjer leige ei lita møblert leilighet – eller hytte – i april månad. Enten i Todalen, eller mot Surnadal. Eit eller to soverom, kjøken og dusj. Mulighet for vask av klede. Internett og TV er ikkje nødvendig, men sjølvsagt fint å ha, fortel familien som kjem frå Sogn.
Les heile sakaEin «godbit» på eldremiddagen…
Komande onsdag (25. februar kl 13) blir det feittysdag på Eldremiddagen i Sanitetshuset. Litt forsenka i høve til kalenderen, men dei kjem godt etter, og lovar mykje og god mat. Menyen er sjølvsagt «Kjøtt & påsse» med høveleg tilbehør, og dessert etterpå. Ring gjerne og meld frå at du kjem til telefon 91337168 eller 71663598. Eldremiddagen minner om at dei no arrangerer eldremiddag annakvar veke, og neste gong blir derfor 11. mars etter plana.
Aktivitetar i Indre Nordmøre Forsvarsforening i 2015
Indre Nordmøre forsvarsforening har lagt planer for sitt arbeid i 2015. Plana startar med årsmøte på Hammerstuene alt onsdag kveld, og sidan går det slag i slag gjennom året, og sluttar med julegudsteneste i Nidarosdomen midt i desember. Dei neste aktivitetane til INF er 6.-7. mars, med markeringa av friluftlivet år og 7. mars når laget arrangerer «Skiskytingens dag» på Nordmarka. Nedafor finn du detaljert aktivitetplan for lagets aktivitetar – den ligg også på INFs nettside som du finn ved å klikke på linken her.
Les heile sakaÅrsmøte todalen.no
Det er årsmøtetid også for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 10. mars kl 19.30. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saklista står vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaPrisa våren på leikeplassen
Det er kanskje tidleg å nemne våren enno, men eit faktum er iallfall at det var reine vårstemninga på leikeplassen i Sollifeltet på Nordvik, da Todalen.no stakk innom ein snartur laurdag ettermiddag. Det var opptil fleire varmegrader og litt grønskjær i plena – og eit yrande liv med både små og store nordvikgardinagar…
Les heile sakaSkudd ved Todalsfjorden
Politiet melder i ettermiddag på sin twitterkonto «Operasjonsleder Nordmøre og Romsdal politidistrikt» om skudd ved Todalsfjorden kl 14 i dag. Eit par som fiska frå land opplevde skudd med luftvåpen i nærheten og varsla politiet.
Les heile sakaStorrundt; tredje runde
Denne gongen er vi komne til Todalshaugen, Rossåa, Utheim og Furuhaugen. Hovedkilden viser Rossåa etter flaumen i 1957. Vi ser Steinan fremst, Saga og Todalshaugen bak. Ein kan lesa meir om flaumen i -57 i Todalen Historielag sitt årsskiftet nr 13 frå 2014. Artikkelen skreve av Jorunn Ørsal. Todalshaugen Måleri av Utheim Furuhaugen.
Les heile saka52/17 – søndagsturen går til Igltjønna i Rindal
Komande søndag er det Rindals tur til å arrangere søndagsturen. Rindalingane inviterer til akedag i skileikområdet ved Igltjønna, som ligg litt nordaust for Rindal sentrum. Du parkerer på parkeringsplassen like ved badeplassen, eller ved Mørelinjebygget i sentrumsområdet. Det er da ca 1 km å gå til akebakken/skileikområdet. Dag og tid er søndag 22. februar frå kl 12 og utover.
Les heile sakaDDE kommer, kommer du?
Norsk Laksefestival kunne i går avsløre hvilke artister som ankjem Surnadal under årets laksefestival 18.-21. juni. Dei garanterer feststemning heilt utanom det vanlige når D.D.E og Rednex inntek hovedscena laurdag 20. juni! På scena fredag får vi eit gjensyn med storsuksessen «Surnadals hyllest til Bruce Springsteen & The E Street Band» som sist helg hadde to fulle hus i Storstuå.
Les heile saka