Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

17.- maiprogrammet – folketoget startar i kyrkja

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2015

Det er gjort ei lita endring i programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen. Folketoget har tidlegare starta i skulen og gått nedover til kyrkja. Det var først sett opp slik i år også, men FAO har endra dette, slik at starten på folketoget blir som tidlegare sett opp kl 15.15 – etter gudstenesta og kransnedleggjinga.

Les heile saka

StakkUT til Megardsvatnet…

Vidar Sogge Torsdag 14. mai 2015

Trass i eit kraftig regnel i 11-12-tida og usikre vêrmeldingar, møtte 20 deltakarar opp ved Felleskjøpet i Halsa og vart med på stavgangturen til Megardsvatnet. Dette er òg ein av Stikk UT-turane i år. Vi parkerte bilane ved bommen før vi la på veg oppover. Vi var så heldige å ha med Hans Gujord som kjentmann og guide, og han fortalde namnet på alle plassane vi kunne skimta gjennom små opningar i skogen.

Les heile saka

Frukosten er flytta til Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2015

17. mai-frukosten er flytta frå Bordholmen til Ungdomshuset. – Vi hadde ikkje nervar til å vente lenger på finvêret, gliser Knut Bergli, når vi besøker frokustgjengen i fullt arbeid med å rigge til for frukostservering i Ungdomshuset. Sjølv om det meldt lite eller ingen nedbør til 17. mai, så var det nok temperaturvarseleg som var avgjerande – med 4-5 varmegrader og litt vind blir det fort kaldt på Bordholmen, seier Knut.

Les heile saka

Svinvikrunde med ordførarfølgje

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. mai 2015

Saman med rundt 40 andre deltakarar trossa vi tette regnbyer og dårleg vêrmelding og møtte opp for å bli med på Lilly Gunns ordførartur på den populære ”StikkUT”-turen som Svinvikrunden har vorte. Vêret vart da slett ikkje verst lell, og vi hadde ein fin rundtur med triveleg selskap på turen.

Les heile saka

Storrundt til vegs ende

Elinor Bolme Torsdag 14. mai 2015

Etter heile 15 runder med gamle bilder frå Todalen Historielag sin fotoserie STORRUNDT, er vi i dag komne til vegs ende i Ansneset. Dette er tredje innslaget med bilder frå Hallsetgrenda, og redaksjonen benytter anledninga til å takke historielaget for at vi har fått teke del i å formidle over 150 bilder frå todalssamfunnet frå eldre tider.

Les heile saka

Sper på reisekontoen

Elinor Bolme Onsdag 13. mai 2015

Det er ikkje berre poeng som skal sankast i vårsesongen for fotballgutane på G14 STKU. I kveld var dei saman med trenar, oppmenn og foreldre samla på Ansnes saga for å ta våropprydding for å spe på reisekontoen til dei skal til Norway Cup. Etter avtale med Møre Tre hadde dei fått oppdrag med å rydde rundt saga etter at sagbruket no har teke ein produksjonspause til sommars.

Les heile saka

Friska opp livreddande kunnskap

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. mai 2015

Tysdag kveld fikk todalingane friska opp sine kunnskaper om livreddande førstehjelp. I regi av omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening og Todalen brannvesen var det arrangert førstehjelpskurs i klubbhuset på Bordholmen.

Les heile saka

Ferdigrydda til 17. mai

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. mai 2015

Måndag var borna i skulen og barnehagen ute og rydda rundt vegkantane og i skuleområdet, slik at det skulle bli strøkent til 17. mai og folketoget. Alle elevane var med og det var mange små og ivrige hender som saumfor vegkantane etter vinterens etterlatenskapet. 

Les heile saka


Innhaldsrik leirskule på Bjørnsund

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mai 2015

I veka som gikk var elevane i 7. klasse i Surnadal kommune på tradisjonelt leirskuleopphald på Bjørnsund. Det var ei stor oppleving for elevane og det var både mykje å lære og mykje å prøve. Frå Britt Mossing ved Todalen skule, som var ein av lærarane som deltok i opplegget, har vi fått mange fine bilder og litt informasjon om opphaldet på Bjørnsund.

Les heile saka

Nytt førstehjelpskurs

Elinor Bolme Måndag 11. mai 2015

Tirsdag 12.mai arrangerer omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening og Todalen IL førstehjelpskurs på Bordholmen kl 1800.

Ivar Bolme stiller for brannvesnet, og som fagmann for Hjartine.
Jan Ove Bævre og Olav Polden fra ambulansen gir oss førstehjelpskurs.

Les heile saka

Storhaugrunden – 24 stakk ut på fellestur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mai 2015

Søndag arrangerte trimgruppa i Todalen idrettslag fellestur til Storhaugen. Dette for å markere at det har vorte ein ny «Stikk UT-tur» i bygda, nemleg Storhaugrunden. Tjuefire personar i alderen åtte til åtti år var med på turen, alle spreke både i motbakkar og unnabakkar. Leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik, var tursjef. Ho gjekk attast og passa på at alle vart med heilt ned att.

Les heile saka