Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påmelding til Todalsdagen

Elinor Bolme Laurdag 13. juni 2015

Fotballgruppa i Todalen IL er godt i gang med planlegging av Todalsdagen. Her blir det i år som alle tidlegare år full rulle på 5 banar for dei aller yngste fotballspelarane på knøttelag og G/J10-lag. Ledar i fotballgruppa Knut Bergli melder om passe god påmelding så langt, og av erfaring vet han at antall lag endrar seg innan påmeldingsfristen går ut den 19. juni.

Les heile saka

Klare for energikamp!

Elinor Bolme Fredag 12. juni 2015

I dag har den lokale finalen av energikampen vore, der 12 lag skulle kjempe om sju plassar til konkurransen under laksefestivalen neste helg. Nærare bestemt laurdag 20. juni framfor kulturhuset mellom 10 og 12.

Les heile saka

Rododendronblomstringa på topp

Elinor Bolme Fredag 12. juni 2015

Rododendronblomstringa er no på topp i Svinvika, melder avdelingsleiar Maia Frønes ved Svinviks arboret.
Ho anbefaler på det varmaste å stikke innom og ta seg ein rundtur i den fargesprakande hagen og ikkje minst avslutte med kaffe og kaker i kafèen.

Les heile saka

Skuleavslutning 2015

Elinor Bolme Fredag 12. juni 2015

Mandag kl 18 er det skuleavslutning på Todalen oppvekstsenter. Her blir det underhaldning og kaffeservering.

Les heile saka

Gjorde seg kjent i nærområdet

Jon Olav Ørsal Fredag 12. juni 2015

10. klassetrinn ved ungdomsskulen i Surnadal har denne veka bruka eit par dagar til å gjera seg kjent i nærområdet. Torsdag trefte vi halvparten av elevane på Gammelfabrikken i Todalen, der dei hadde fått omvisning både ute i parkanlegget og inne i utstillingslokala til Talgø. Denne dagen stod også Vangsgutane og ein tur innom Husby, før turen gikk vidare til gammelvegen i Svinvikkleiva.

Les heile saka

Hopp, sprett og spring

Elinor Bolme Fredag 12. juni 2015

Søndag kl 17 inviterer friidrettsgruppa store og små til treff på Bordholmen. Det blir mulighet til å prøve seg på lengdehopp, ballkast og 60m. Her blir trøbilene teke ut for bruk, samt at buldrerommet også blir opna.

Les heile saka

La deg inspirere av MøreRoyal®

Elinor Bolme Torsdag 11. juni 2015

Er du fortsatt i tvil om hvilken kledning du skal skifte på huset, eller hvilket dekke du skal ha på den nye oasen i hagen? Da må vi nok anbefale dagens filmsnutt fra reklameavdelingen hos Talgø. Et fuktigere klima stiller større krav til valg av råtebestandige materiale, og derfor er det vel i disse dager helt på sin plass å minne på at produsenten lover 50 års råtegaranti på MøreRoyal® trelast.

Les heile saka

Sommarens cupliv er i gang

Elinor Bolme Torsdag 11. juni 2015

Lørdag 22. august er det igjen klart for Søyacupen, og dei inviterer i desse dagar alle klubbar i Nordmøre og Romsdal Fotballkrets samt mange klubber i Sør-Trøndelag og Trondheimsområdet.

Les heile saka

Alt dreier seg om BOLYST!

Elinor Bolme Torsdag 11. juni 2015

Det kunne Surnadal Arbeiderpari stadfeste når dei i dag la fram sine fanesaker for kommande valgperiode. Dei har sett seg mange mål framover, men ønska å sette dei store linjene i første omgang. Deretter kjem dei små, men like viktige enkeltsakene undervegs i prosessen, kan ordførarkandidat for Ap 2015-19 Lilly Gunn Nyheim fortelje. Og i alle sakene er det bolysta som skal være den viktige faktoren.

Les heile saka

Seniorar på MøreTre-visitt

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. juni 2015

Senioruniversitetet har ei årleg utflukt på bedriftsbesøk – denne gongen gikk turen til MøreTres anlegg på Syltøran, med informasjon om bedrifta, produksjonen og litt om historia attafor. Eit trettitals ”seniorar” deltok i utflukta til Møretre, og det var interesserte og lydhøre tilhøyrarar.

Les heile saka

Intimt aften i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. juni 2015

Onsdag kveld kunne Skulstuå by på trekkspellkonsert med dei tre entertainarane Jon Bjarne Husby, Odd Arne Halaas og Konrad Nerland. Dei opptredde både kvar for seg og saman, og det vart ein triveleg musikalsk aften, ispedd både allsong og mange gode historier. Eit trettitals publikum fylte Skulstuå og deltok aktivt i allsongen.

Les heile saka

Besøk frå Valsøyfjord

Elinor Bolme Onsdag 10. juni 2015

Tirsdag kveld fekk Todalen Sanitetsforening besøk frå Valsøyfjord Sanitetsfoirening som la sommaravslutninga si til Todalen. Valsøyfjord Sanitetsforening slit som dei aller fleste sanitetsforeningar med rekruttering av nye medlemmer. Dei har ved fleire anledningar lett seg imponere over drift og engasjement frå Todalen Sanitetsforening, og ønska derfor å få eit innblikk i korleis dei driv det i Todalen.

Les heile saka