Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lærte å pode frukttrær

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2024

Det er ikkje så vanskeleg å lage nye frukttrær, men det er faktisk ein del knep ein må bruke for å få bra resultat.  Søndag var det kurs i poding i Svinviks arboret, og da var det mange interesserte deltakar som meldte sin interesse for å lære faget.

Les heile saka

Fikk bryna seg med ishockey i Kristiansund

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2024

Surnadal Blades er ein lokal ishockeyklubb med både Todalingar, Surnadalingar og fleire til – søndag var dei i Kristiansun for å prøve isen i Nordvest Arena på tampen av sesongen. Surnadal Blades hadde med seg forsterkningar frå Sagene Puck i Rindal, og kalla seg for høvet for Sagene Blades. 

Les heile saka


«Kjerringdilten» på langfredag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. mars 2024

Fredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Veidekke har bidrege økonomisk til innkjøp av heilt nye startnummer, som vil bli brukt for første gong under «Kjerringdilten» langfredag. 

Les heile saka

Påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. mars 2024

Nordvik Grendalag har eit rikhaldig program for påska, med påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz. Det heile startar med påskebaser i Nordvik forsamlingshus tysdag 26. mars klokka 18:00. Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps 98505. Kvart lodd kostar kroner 50,-.

Les heile saka

Slik blir påska på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mars 2024

På Todalshytta opnar dei restauranten 3 dagar i påska. Vi har alt røpa at det blir balldag på tysdag, med servering frå 15:00 til 18:00, og som vanleg blir det både sildball og potetball på menyen denne dagen.  Langfredag blir du invitert på «after ski» på Todalshytta, og da bys det på burger & pizza med godt tilbehør, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. 

Les heile saka

Påska på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. mars 2024

Surnadal kulturhus vil vere meir ope denne påska,  enn dei tidlegare påskene, og kinoen nyttar høvet til å vise mykje film. Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka (måndag og tysdag). Men det vil vere mogleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag resten av påska.

Les heile saka

Opningstider på Matkroken i påska

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2024

Handelsmann Nordvik har sendt oss oversikt over opningstider for Matkroken Todalen. Her finn du opningstider for butikken både før påske og i påskehelga. I år er det kun ein dag at butikken er heilt stengt, nemleg langfredag 29. mars.   Nytt av året er at det er kioskope 16-18 på 1. påskedag 31. mars.

Les heile saka

Hengebrua er komen i drift igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2024

Sidan stormen i vinter har hengebrua mellom Liatun og Heggøyann vore steng for all bruk.  I dag har det pågått reparasjon av brufesta og brutårnet på eine sida, og no er brua atter farbar for fotgjengarar som kan bruke brua på eige ansvar.  Det er Gunnar Nordvik som med god hjelp av Per og Arne frå Gjeldnes Maskin som har jobba med reprasjon av brua, medan arbeidet har vore administrert av Todalen Bygdalag.

Les heile saka


Takk for støtten til årets fasteaksjon!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. mars 2024

Kirkens Nødhjelpkontakt i Surnadal og Rindal, Gro Hauge Venås, ønsker på vegne av Kirkens Nødhjelp å rette ein stor takk for alle bidrat til årets fasteaksjon, og til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som deltok i innsamlinga på tysdag. Ho rettar også ein stor takk til dei som har vippsa til 2426 eller gjeve kontantar. Bidraga går rett inn på Kirkens Nødhjelp sin konto. 

Les heile saka

Tysdag: – Startar påska med balldag

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. mars 2024

Påska er like rundt hjørnet, og på Todalshytta startes påskefeiringa med baqlldag komande tysdag 26. mars.  Som vanleg er det servering frå kl 15:00 til Kl 18:00.  Kjøkkenet byr også denne dage på både potetball eller sildball med tilbehør.  Om du vil ha potetball eller sildball er nok «smak og behag» – og da er det nok best med det du er vant til, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.