Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Septiktømming pågår – er du klar?

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. august 2015

Har du sett den gule septikbilen – snart er han nok på tur til deg. Robin Sørland og Simon Osvold Surnde skal nemleg innom kvar einaste septiktank i Todalen og tømme for faststoff. Dersom du må grave fram lokket så begynner det å haste no – og er ikkje tanklokket gravd fram så blir det nok ein ekstra kostnad dersom det blir ekstratur!

Les heile saka

Huitfeldt studerte jordbruket i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2015

Valkampen er forlengst i gang, og tysdag var det besøk frå «Youngstorget» i Todalen. Da var nemleg Anniken Huitfeldt på besøk i Viastua, saman med ordførar Lilly Gunn Nyheim samt politikarar og bondelagsleiarar både frå eigen kommune og frå nabokommunane på begge sider av fjorden. Tema for dagen var landbrukspolitikken. Ola Kvendset som nyleg har teke over heimgarden Viastua, var saman med kårfolket Gudmund og Wenche Kvendset vertskap for følget, og det vart servert graut og bakels til kaffen på terrassen i gardstunet.

Les heile saka

Medlemsmøte i kveld

Elinor Bolme Tysdag 11. august 2015

Todalen Sanitetsforening minner om at dei startar opp att med medlemsmøte i kveld klokka 19.30 i Sanitetshuset. Alle medlemmer er velkomne, og dei ønskjer også nye medlemmer hjerteleg velkomne for å sjå kva organisasjonen driv med.Det blir enkel servering, med utlodning til slutt.

Les heile saka

Med KNT og Norsk Vandrefestival på Snota

Elinor Bolme Tysdag 11. august 2015

Søndag var det i regi KNT (Kristiansund og Nordmøre Turistforening) og Norsk Vandrefestival oppsett fellestur til Snota med oppstart frå Vindøladalen. Det var oppsett lokale turledarar som skulle ta dei interesserte trygt tur retur Snota som ligg godt plassert 1668 meter over havet i Trollheimens eldorado.

Les heile saka

Månadens bilete: Ung fisker

Ole Petter Talgø Tysdag 11. august 2015

For juli kan vi gratulere Tor Hansen som vinnar av månadens bilete med «Ung fisker i solnedgang». Det var ein klar favoritt blant dei som stemte, og fekk 43 av dei 150 stemmane i månadens avstemning.

Les heile saka

Naustådalssetra – nytt tak i ein fei…

Jon Olav Ørsal Måndag 10. august 2015

Denne veka vart det lagt spilder nytt tak på Naustådalssetra – tida var koma for det no. – Dei gamle konstruksjonane hadde gjort nytta gjennom mange generasjonar og etterkvart kom det også litt fukt inn. Og når taket ikkje er tett så blir det utriveleg for både hus og folk. Så i år vart bestemt at det måtte takast eit tak, fortel Gudmund Kårvatn.

Les heile saka

Oppfylte draumen om Bjøråskars-tur

Einy Rendal Elgsæther Måndag 10. august 2015

– Ein fantastisk tur, seier Marit Hagen frå Hamar som torsdag 6. august gjekk tur retur Bjøråskaret i det flotte sommarveret vi opplevde. Ho har gjennom mange år hadde ein draum om å koma dit ein gong i livet for å finna att eit spesielt motiv som hennar far tok bilete av. På besøk i Todalen fekk ho endeleg dette ønsket oppfylt. Men det krevde stor innsats av ein som er 75 år og ikkje går turar i fjellet kvar dag.

Les heile saka

Einebustad til sals i Øyagrenda

Jon Olav Ørsal Sundag 9. august 2015

Eigedommen Byteng Gnr 143 Bnr 13 er lagt ut for muleg sal. Eigedommen ligg i privat bustadfelt i Øyagrenda, og er bygd i 1981 og er oppført i 1 etasje og har full kjellar. Byteng er bygd på sjølveigartomt på 1121 m2 og består av bustadhus med bruttoareal på 137 m2 og tilhørande garasje bygd 1985, med bruttoareal 32 m2.

Les heile saka

Til Torild og Tor Magne ved Sjøasetervatnet

Jon Olav Ørsal Sundag 9. august 2015

Torsdag den 6. august var stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Sjøasetervatnet. Tor Magne Halset hadde ordna med skyss, og han var sjølv sjåfør på bussen og fortalde heile vegen om plassane vi køyrde forbi, ma. om fiske i Karlvika og om opphavet til Eilertholet.

Les heile saka

Kampoppsett allerede klart til Søyacupen

Elinor Bolme Laurdag 8. august 2015

Kampoppsettet for Søyacupen 22. august er allerede klart. IL Søya tek likevel forbehold om endringer sidan dei er ute i såpass god tid, da det er omlag 2 veker att til sjølve cupdagen. Også i år har dei opplevd stor pågang til cupen, noko som er veldig gledelig. Dessverre fører dette til at dei ikkje har plass til alle lag som har meldt si interesse, og har dermed lag på venteliste. Dei som står på venteliste vil få tilbud om plass dersom nokre lag mot formodning skulle velgje å trekkje seg.

Les heile saka


Mangfoldig Nordmørskveld på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 7. august 2015

Torsdag kveld var det ny runde på Pakkhuset Kro – Nordmørskveld med gode underhaldningskrefter som fikk til god stemning i eit fullsett festlokale. Det heile starta med traktering med Siri Lunds «patenterte» klippfisksuppe, som etter kvart vart avløyst av flotte kulturelle innslag med lokale aktørar på scenekanten.

Les heile saka