Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene


Hugs: Sommartid frå i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2016

Natt til 1. påskedag er det tid for å stille klokka ein time fram til sommartid. Det skal skje kl 02 natt til søndag og du skal stille klokka fram til kl 03 og dermed blir denne natta ein time kortare enn vanleg, men den timen får du att til hausten.

Les heile saka

Har du mista kniven din?

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2016

Ein flott Helle-kniv vart langfredag funnen i Kleivhaugane.  Kniven vart innlevert til Matkroken Todalen, og du kan få han att der.  Matkroken Todalen er påskeaften open til kl 15.oo og har open kiosk igjen 2. påskedag i tidsrommet 16-18.

 


Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 4

Guro Redalen Laurdag 26. mars 2016

Éi svanesak hadde ikkje Bladfyk fått med seg tidlegare. Med stor interesse las ho at Kårvatn fjellutstyr no hadde inngått ein eksklusiv avtale med den tidlegare svenske skilauparen Gunde Svan. Samarbeidet skulle knytast til ein eigen randonee-kolleksjon med velklingande namnet Rainj du ne.

Les heile saka

Kjerringdilten i hamn – Kristen Bruset med napp i vandrepokalen

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2016

Det var både vind og snøbyger, og tildels dårleg sikt da Kjerringdilten gikk av stabelen på Skihytta langfredag. Men heile 38 trossa vêret og tok rundturen i den flotte løypa som skuterkomiteen hadde køyrdt opp til skirennet. Kjerringdilten går på idealtid, og i år var idealtida sett til 15.30, men det var nok betre føre enn beregna, for alle sammen kom under idealtida som var sett opp. Nærast kom Kristen Bruset som bruka 15.03, og som dermed sikra seg eit napp i vandrepokalen med ein margin på 47 sekund.

Les heile saka

Håvard Halset ny leiar i skyttarlaget

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2016

Forleden hadde Søya og Todalen Skytterlag årsmøte på Gammelfabrikken. Der vart Håvard Halset valt til ny leiar i laget, medan resten av styret fortsett, melder styret i laget.  Søya og Todalen Skytterlag er ei samanslutning av dei to laga Todalen skyttarlag og Søya skytterlag, og dei har sitt baneanlegg i Ranheimssvingen på Kvanne. Det nye […]

Les heile saka

Festivalkvartetten med imponerande konsert

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2016

Skjærtorsdag kveld hadde hadde vi besøk av festivalkvartetten og Kjersti Vindal som heldt konsert i Todalen kyrkje. dei er på Nordmørsturne no i påska, og starta på Ålvudeid tidlegare på dagen før dei kom til todalen, og skal fortsette langfredag med konsert i Gullstein kirke på ettermiddagen og rundar av i Nordlandet kirke om kvelden. Konsertturneen skjer i regi av KKKK-akademiet, og det er vel nærast tradisjon at dei legg ut på ein liten Nordmørs-turne i påskedagane.

Les heile saka

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 3

Guro Redalen Fredag 25. mars 2016

Sjølv smørefrie ski kjentes bakglatte opp lia i år. Nullføre, fantom fellesig, gaddklabb og fanden si oldemor. God påskestemning med andre ord. Irritasjonen steig i takt med stavtak og fiskebein. Bladfyk tenkjer at skamma ved å snu er lik føret, altså manglande.

Les heile saka

Over 80 kom på seterrennet på Nordviksetra

Sverre Kjølstad Torsdag 24. mars 2016

I overkant av 80 personer hadde funnet veien til Nordviksetra for å prøve skiferdighetene på Seterrennet som ble arrangert for 88. gang i år. Værmeldingene hadde spådd lett regnvær på ettermiddag, noe som ikke slo til. Litt grått var det ved avgang forsamlingshuset kl 11.00, men om litt tittet en disig sol fram, noe vi ble velsignet med resten av dagen.

Les heile saka

Liten utfart skjærtorsdag…

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mars 2016

Det var ikkje den heilt store utfarten til Tristeinan og Bjøråskaret skjærtorsdag. Vêrgudane har vanskeleg for å være i retteleg godlage, og sjølv om det faktisk var brukbart vêr og sola faktisk prøvde å vise seg fram var det flatt lys og litt problem med å sjå konturane. Det var kanskje fleire som tok turen til Nordviksetra på Seterrenn, og vi kjem etter kvart med ein rapport derfra også

Les heile saka